Sjokoladefondant med lakris & jordbær

[dropcap]S[/dropcap]jokoladefondant er både ein av dei enklaste og mest vanskelige dessertane du kan lage. Sjølve oppskrifta er enkel og rask å lage, men det å få ein perfekt stekt sjokoladefondant kan vere utfordrande. Denne sjokoladefondanten har god smak av sjokolade og ein lakrissmak som gir ein god ettersmak saman med ein mild jordbærcoulis som smakar friskt utan å overdøyve dei andre smakane.

Lakris og sjokolade passar perfekt saman og utfyller kvarandre. Dersom du ikkje likar lakris noko særleg kan du fint droppe det for sjokoladefondanten er svært god i seg sjølv. Ein sjokoladefondant skal vere heilt perfekt stekt for å gi den beste opplevelsen både smaksmessig og utsjånadsmessig. Og i tillegg er det noko med konsistensen på rennande sjokoladerøre som er svært tilfredsstillande. Sjokoladefondanten skal vere stekt i kantane og halde fasongen når du tek dei ut av formene og ha ei blaut kjerne som renner utover når du stikk skeia inn i midten. Steiketida vil variere litt frå steikeovn til steikeovn, så her må du berre prøve deg fram med din eigen steikeovn.

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 5 stk sjokoladefondant:

  • 120 g mørk kokesjokolade (ca. 50-60 % kakaoinnhald), finhakka
  • 120 g smør
  • 100 g melis
  • 2 eggeplommer
  • 2 egg
  • 50 g kveitemjøl
  • 3-4 ts rålakrispulver (prøv deg fram etter eigen smak)
  • 1 klype salt

Jordbærcoulis:

  • 200 g ferske jordbær
  • 1-2 ss melis
  • ferske jordbær, til servering

[/recipe-foody]

Forvarm steikeovnen til 220 ºC. Smør 5 stk. ramekinformer på ca. 9 cm (15 cl) og strø med kveitemjøl.

Smelt smøret i ein kjele over lav varme. Ha i sjokoladen og rør rundt til alt er smelta. Sikt inn melis og bland det godt saman slik du får ut alle eventuelle klumpar. Rør deretter inn eggeplommer og egg eitt og eitt i gongen til du får ei glatt og tjukk røre. Sikt inn kveitemjøl og salt og bland godt saman. Ha i rålakrispulver og smak deg fram til kor mykje smak du vil ha. Hell røra over i dei smurte formene til det står igjen ca. 1 cm opp til kanten. Sett på rist midt i steikeovnen og la dei steike i ca. 8- 8 ½ minutt (prøv deg fram med steiketida her) og følg godt med. Når dei er ferdig stekt har dei stivna i kantane og du kan sjå dei framleis er blaute i midten under overflata. La dei stå og kvile i ca. 10-15 minutter før servering.

Ha jordbær i ein stavmiksar og kjør til glatt purè. Smak til med melis. Skjær gjerne med ein kniv rundt kantane på sjokoladefondantane for å vere sikker på at dei løsnar heilt før du setter ramekinformene oppned på serveringsfat og dunkar dei forsiktig ut. Server med jordbærcoulis og nokre heile jordbær ved sida av.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*