Sjokoladegranola

DSC_0521

Av og til er sjokoladetrangen så stor at det fristar til og med til frukosten. Denne heimelaga granolaen med sjokolade er kanskje ikkje den sunnaste, men litt luksus må ein vel kunne unne seg ein gong iblant, sjølv til frukost?

I ein ellers sunn og variert kvardag når det kjem til både trening og kosthald så er det iallefall plass til litt sjokolade i mitt daglege inntak. Saman med litt frisk og syrleg naturell yoghurt og ferske bær eller frukter så er sjokoladegranolaen alt du treng av søtning. Smaken kan minne litt om karamell på grunn av det lett gyldne og brente sukkeret, og saman med den søte sjokoladen blir dette nesten som ein litt sunnare dessert. Granolaen inneheld også eit lite hint av kaffesmak som gir ein fin kontrast til sjokoladesmaken. Sjølv om det er litt sukker og sjokolade i denne granolaen smakar den allikevel mindre søtt enn mange av dei du får kjøpt på butikken, så nyt med god samvittigheit!

Ingrediensar til eit stort glas sjokoladegranola:

  • 5 ss smør
  • 4 ss brun farin
  • ½ dl honning
  • 2 ts pulverkaffe
  • 1 ts vaniljeekstrakt
  • 5 dl havregryn
  • 2 ½ dl ruggryn
  • 2 dl valnøtter, grovhakka
  • ¼ ts havsalt
  • 150 g mørk kokesjokolade, finhakka

Forvarm steikeovnen til 175 ºC.

Ha smør, brun farin, honning, pulverkaffe og vaniljeekstrakt i ein kjele og smelt det over lav varme. Bland saman havregryn, ruggryn, valnøtter og havsalt i ein stor bakebolle og rør godt rundt. Når alt smøret er smelta heller du blandinga over i bakebollen med alt det tørre og blandar det godt saman til alt er dekt. Kle ei langpanne med bakepapir og fordel massen utover brettet. Sett midt i ovnen og la blandinga steike i ca. 25-30 minutter. Rør rundt og snu på granolablandinga kvart 5. minutt slik at det ikkje brenn seg på toppen og alt blir likt stekt. Når blandinga er gylden tek du ut brettet og rører inn halvparten av den mørke kokesjokoladen slik at den smeltar inn i granolaen og du får små klumpar med granola. La blandinga avkjølast heilt på brettet.

Når blandinga er heilt kald kan du blande inn resten av den finhakka sjokoladen og helle granolaen på tett glaskrukke eller liknande. Blandinga kan fint oppbevarast på tett glas i opptil fleire veker.

DSC_0527 2

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *