[dropcap]E[/dropcap]nkelte dagar er lysta på sjokolade og søtt større enn andre og då kan svaret vere å starte dagen med ein ekstra god frukost. Denne havregrauten lagar du kjapt og får stilt både svolt, søtsug og næringsbehov med.
Det er inga hemmelegheit at eg er ekstra glad i sjokolade og aller helst vil ha ein liten smak kvar dag. Ved å smakssetje frukostgrauten med kakao får eg enkelt stilt det behovet på ein sunn måte. Grauten er laga på få minutt og smakar ekstra godt dersom du toppar den med masse ferske bær.
[recipe-foody]Ingrediensar til 2 små porsjonar:
- 2 dl havregryn
- 4 dl skummamjølk
- 2 ss bakekakao
- 2 ss brunsukker
- 1 ts vaniljesukker
- 1 klype salt
Til servering:
- ferske bær
- honning
- nøtter/tørka kokos etc.
[/recipe-foody]
Ha havregryn, mjølk og kakao i ein kjele og kok opp under omrøring. La grauten småputre i ca. 3 min slik den tjuknar. Ha i vaniljesukker og salt og bland godt saman. Server varm graut med ferske bær, honning og gjerne litt hakka nøtter. Grauten kan også serverast kald dersom du ønskar det.