Sjokoladeiskrem med krydra skogsbærkompott

DSC_0455

Bærtida er om ikkje så alt for lenge over og eg brukar den tida eg har til overs til å hauste inn både blåbær og anna. Dei blir både fryste ned heile til seinare anledningar og brukte til herlege rettar som her i ein krydra og smakfull bærkompott til helgedesserten.

Sjokoladeiskrem er noko dei aller fleste er glad i og kjenner til. Eg har eksperimentert mykje med heimelaga iskrem i det siste og nye serveringsmåtar og tilbehør. Sjokoladeiskrem kan bli både mektig og kanskje litt «kjedeleg» aleine, så her ville eg ha noko litt meir spennande attåt. Etter gjennomlesing av kokebøker og matoppskrifter  både på nett og her og der for inspirasjon, så falt valet på krydra skogsbærkompott. I kjøleskapet stod blåbæra eg hadde plukka i skogen og eit beger med norske bringebær og bjørnebær. I frysaren venta den heimelaga sjokoladeiskremen. Så då var det berre å starte på prosessen. Resultatet blei meget vellykka!

Ingrediensar til sjokoladeiskrem og skogsbærkompott:

Sjokoladeiskrem:

  • 180 g mørk kokesjokolade av god kvalitet
  • 200 g eggeplommer
  • 150 g sukker
  • 1 vaniljestang, frøa
  • 6 dl kremfløte

Krydra skogsbærkompott:

  • 100 g blåbær ( ferske el. frosne)
  • 150 g bringebær ( ferske el. frosne)
  • 100 g bjørnebær (ferske el. frosne)
  • 100 g sukker
  • 1 vaniljestang
  • 1 kanelstang
  • 2 kardemommekapslar, knuste
  • 2 stjerneanis
  • ¼ – ½ dl vatn (brukar du frosne bær kan du redusere vatnmengda)

For å lage iskremen smeltar du sjokoladen over vannbad på lav varme og avkjølar den litt. Pisk sukker, eggeplommer og vaniljestangfrø til eggedosis. Når den lett avkjølte sjokoladen måler ca. 40-45 ºC kan du blande den godt inn i eggedosisen. Pisk kremfløta til stiv krem og vend så inn ca. ein tredjedel av kremen i egg-og sjokoladeblandinga til alt er godt blanda saman. Vend inn resten av kremen i sjokoladeblandinga forsiktig med ein slikkepott slik du ikkje slår ut all lufta. Hell over i ein passande brødform eller liknande og sett i frysaren. Rør i iskremen eit par gongar i timen til isen er fryst slik at du unngår iskrystallar. Iskremen er klar til servering etter minimum 4 timars tid.

Medan isen står til frysing kan du lage skogsbærkompotten. Ha alle bæra i ein kjele saman med sukkeret. Del vaniljestanga i to og skrap ut frøa og ha det i kjelen saman med kanelstang, kardemomme, stjerneanis og vatn. La det koke opp og lat det så stå og småputre på lav varme i ca. 15 minutter utan å røre i det. Bæra skal bli møre og saftige, men fortsatt behalde forma. Avkjøl og fjern krydderstengene før servering.

DSC_0453

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *