Sjokoladekake med gulrot

[dropcap]S[/dropcap]aftig og smakfull kake med gulrot, ostekrem og sjokolade-ganache som renn nedover sidene er perfekt for ein kakemons. Kaka er ei slags krysning mellom gulrotkake og sjokoladekake, så her får du alt i eitt.

Eg er glad i både sjokoladekake og gulrotkake, og når ein då ikkje klarer å velje får ein lage ei blanding. “Ja takk, begge deler “, som Ole Brumm seier. Gulrot i kakerøra gjer at den blir svært saftig og god. Eg har også hatt i ein liten dæsj kanel slik som i vanlege gulrotkaker, men det kan du sløyfe dersom du ikkje ønsker kryddersmak. Rundt kaka er det den gode ostekremen du finn på gulrotkaker og inni har den fått smak av kakao. Toppen av kransekaka er den herlige sjokolade-ganachen som renn nedover kaka. Dei to glasurane saman gir ein silkemjuk konsistens som smeltar på tunga.

0seD3aIoTAWKs0T75THDHQ_thumb_736f

7lMbOMKdQvyL7TpVaz1sng_thumb_737a

[recipe-foody]Ingrediensar til ei kake:

Sjokolade-og gulrotkake:

  • 3 egg
  • 5 dl sukker
  • 2 dl rapsolje
  • 2 dl heilmjølk
  • 2 ts vaniljeekstrakt
  • 6 dl gulrot, finrivne
  • 5 dl kveitemjøl
  • 1 dl bakekakao
  • 1 ts natron
  • 1 ts bakepulver
  • ½ ts salt
  • ½ ts kanel (kan sløyfast)

Ostekrem:

  • 300 g Bremykt
  • 250 g melis
  • 300 g kremost naturell
  • 1 ss sitronsaft
  • 2 ts vaniljesukker
  • 1 toppa ss bakekakao

Sjokolade-ganache:

  • 100 g mørk kokesjokolade (gjerne 50-60 % kakaoinnhald)
  • 1 dl kremfløte
  • 1 ts lys sirup

[/recipe-foody]

Forvarm steikeomnen til 175 ºC.

Pisk egg og sukker saman i ei kjøkenmaskin i ca. 2-3 minutt. Ha i rapsolje, mjølk, vaniljeekstrakt og riven gulrot og bland godt saman. Bland saman kveitemjøl, bakekakao, natron, bakepulver, salt og kanel  i ein bolle og sikt det deretter over i kakerøra. Vend det tørre godt inn i røra med ein slikkepott slik at du beheld ein del av lufta. Smør ei springform på 26 cm med smør og ha bakepapir i botnen. Fordel kakerøra i forma og steik midt i omnen i ca. 50 minutt, til ein kakepinne kjem ut tørr når du sjekkar. Avkjøl heilt på rist medan kaka er i forma og set deretter i kjøleskap for avkjøling over natta eller minst 4 timar.

For å lage ostekremen kjører du Bremykt i maskin til det blir luftig. Ha i melis litt om gongen og kjør til du får ein porøs krem. Ha i kremost, sitron og vaniljesukker og bland saman til du har ein luftig krem. Dersom den er laus i konsistens kan du setje den i kjøleskapet ei stund før du smører utover kaka.

Del kakebotnen i to. Set den nederste delen på eit kakefat. Ta av ein tredjedel av ostekremen og bland inn ei ss med bakekakao. Smør utover botnen av kaka. Set den andre kakedelen oppå. Smør ostekremen rundt og over kaka i eit jamt lag. Set kaka i kjøleskapet medan du lagar sjokoladeganache.

For å lage sjokolade-ganache hakkar du sjokoladen heilt fint og har den over i ei skål.  Ha fløte og sirup i ein kjele og varm det opp til det nesten når kokepunktet. Hell den varme fløten over sjokoladen i skåla og lat det stå slik i eit par minutt. Bruk ei skei og rør rundt i blandinga til den samlar seg og du får ein glansfull og jamn sjokolade-ganache. Lat den avkjøle seg litt. Hell sjokoladen oppå midten av kaka og hjelp gjerne til slik at den renn fint nedover kantane på kaka. Server og nyt!

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*