Sjokolademakron med kaffe-smørkrem

A4tsTj5tSZmAAjryE5d58A_thumb_74be

Det er omtrent to år sidan sist eg laga franske makronar, og du store min så godt eg hadde gløymt at dette er! Knasande sprø utside, seig innside, mjukt fyll og smakskombinasjon av sjokolade og kaffe – det blir knapt betre!

Dei små lunefulle bakverka er ikkje alle tider så enkle å få heilt perfekte slik dei skal vere, men når det fyrst blir bra så blir det skikkeleg bra! Makronar er noko av det beste ein kan få av søtsaker etter mi meining. Den er ein passe stor munnfull, består av både sprøtt, seigt og mjukt og kan varierast i det uendelege på smak. Det finnest eit hav av tips for å lykkast med franske makronar. Av tips kan det vere for eksempel å bruke romtemperert eggekvite, bruke to brett når du skal steike, la overflata tørke inn før steiking, bruke skolda mandlar og så vidare. Ikkje alle tipsa ein finn på nett og i bøker er heilt nødvendige å fylgje heilt slavisk etter mine erfaringar, men nokre av dei brukar eg fast. Denne gongen brukte eg ikkje skolda mandlar og det går heilt fint. Derimot brukar eg alltid to steikebrett når eg steiker, og let makronane tørke inn på overflata fyrst. Mandlane malte eg opp til fint mjøl i handkvern denne gongen, og det har eg erfaringar med at blir betre enn ved å bruke maskin.

pduJ7NE9R8W7E1zCnVvoNA_thumb_74ba

Ingrediensar til ca. 28-30 stk makronar:

Sjokolademakronar:

  • 130 g mandelmjøl (mal mandlar til mjøl med mandelkvern)
  • 170 g melis
  • 1 ss bakekakao
  • 100 g eggekvite
  • 80 g sukker

Kaffe-smørkrem:

  • 130 g smør, romtemperert
  • 250 g melis
  • 1 ts vaniljeekstrakt
  • 3 ts pulverkaffe + 2 ts glovarmt vatn
  • (evt. ein dråpe mjølk)

Fyrst startar du med å lage makronane. Bland saman mandelmjøll, melis og kakao og sikt det. I ein rein bakebolle har du i eggekvite og piskar på medium fart i ei kjøkkenmaskin til det startar å skumme. Dette tek berre nokre sekund. Ha i sukkeret 1 ss av gongen medan maskina går heilt til du har brukt opp alt sukkeret. Når du har fått ein glansfull og stiv marengs (tek ca. 7-8 minutt) siktar du i melis-og mandelmjøl-blandinga i marengsen. Det som er for stort til å sikte igjennom i sikta av mandel legg du til sides (dette kan du bruke til diverse bakst). Bland saman alt med ein slikkepott. No skal du røre til du får slått ut ein del av lufta utan at du får ei heilt rennande røre. Når det renn sakte ned av slikkepotten i ein trekant når du held den opp frå røra er den klar.

Ha røra over i ein sprøytepose med rund sprøytetipp og sprøyt ut små sirklar på størrelse med ein fem-kroning med god avstand mellom kvar på bakepapirkledd steikebrett. Slå brettet hardt i kjøkenbenken nokre gongar til du har fått slått ut eventuelle luftbobler i makronane. Lat dei tørke på brettet før du steiker til dei har fått ei tørr overflate. Dette kan ta alt frå 30 minutt til eit par timar alt etter kor tørt eller fuktig det er i lufta.

Forvarm steikeomnen til 150 ºC varmluft. Steik makronane med eit brett under steikebrettet om du brukar bakepapir. Har du brukt makronmatte i silikon treng du ikkje to steikebrett. Lat dei steike i ca. 15-20 minutt. Toppane skal vere faste på underlaget når du prøver å bevege forsiktig på dei og ha fått ei sprø overflate. Her må du berre prøve deg fram litt med den steikeomnen du har. Avkjøl makronane heilt på brettet før du prøvar å flytte på dei, ellers vil botnane sitte fast i underlaget og du sitt igjen med makrontoppen i handa.

For å lage kaffe-smørkremen blandar du saman pulverkaffe og vatn i ei lita skål til ein seig paste og avkjøl. Ha smøret i ein bakebolle og pisk det mjukt og luftig i kjøkenmaskin. Ha i melis litt og litt om gongen og pisk godt mellom kvar gong til du har brukt opp alt. Ha i vaniljeekstrakt og pulverkaffe-blandinga og pisk nokre minutt ekstra. Dersom du ønskjer ein litt lausare krem har du i ein dråpe mjølk og piskar godt igjen. Når kremen er glatt og luftig har du den over i sprøytepose og sprøytar ut små toppar på makronbotnane og legg ein ny makron over den andre. Gjenta med alle makronane.

Oppbevar makronane i tett boks i kjøleskapet i 3-4 dagar for å behalde dei seige og gode. Dersom du vil spare til seinare kan du fryse ned i tett boks. Der vil dei halde seg fint nokre månader. Makronane blir også ekstra seige av å få ein tur i frysaren og tinar raskt på kjøkenbenken i løpet av nokre få minutt.

2 comments

  1. Prøvde meg på franske makronar eg og denne veka og det er 10 år sidan sist eg laga dei. men blei veldig fornøgd med resutatet og dei fekk både føtter og blei glatte

    1. Så fantastisk kjekt å høyre!!😊👌 makronar er ikkje alltid like enkelt å lykkast med, så når det blir suksess gir det verkeleg meirsmak 😍

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *