[dropcap]D[/dropcap]en gode klassiske sjokolademoussen er framleis like aktuell som familiedessert og glir ned hjå dei fleste. Denne er heilt klassisk og enkel og er eit godt utgangspunkt for ulike smaksalternativ.
Når ein er i mangel på kreativitet og forslag til festmenydessert har sjokolademoussen redda mangt eit måltid med sin alltid kjærkomne smak. I tillegg kan du tilsetje ulike smakar i sjokolademoussen eller variere med ulike typar tilbehør. Du kan variere smaken med cognac, baileys, kaffe, appelsinsaft, sjokoladebitar eller eit hav av andre ting. Her har du iallefall oppskrifta på ein heilt enkel sjokolademousse som du kan bruke som utgangspunkt for den typen du måtte ønske.
[recipe-foody]Ingrediensar til sjokolademousse for 4 personar:
- 150 g mørk kokesjokolade (minimum 50 % kakaoinnhald)
- 1 ss smør
- 1 egg
- 2 ss baileys el. liknande (kan sløyfast)
- 2 eggekviter
- 3 ss sukker
- 2 dl kremfløte
[/recipe-foody]
Smelt sjokoladen over vannbad på lav varme. Rør forsiktig rundt i sjokoladen litt innimellom slik den blir glatt og fin. Når all sjokoladen er smelta har du i smøret og blandar saman til alt er smelta. Trekk bollen frå varmen og la det avkjøle seg litt nokre minutt. Rør deretter inn egget og baileys og bland godt. Pisk eggekvitene til det begynner å skumme. Tilsett sukkeret i eggekvitene gradvis medan du piskar og pisk heilt til eggekvitene er stive. Rør inn 1⁄3 av eggekvitene i sjokoladeblandinga for å løyse opp litt. Fold deretter inn resten av eggekvitene forsiktig slik du beheld lufta. Pisk kremfløten stiv og fold forsiktig inn i sjokolademoussen til alt er jamnt blanda saman. Fordel i porsjonsglas og set kaldt i kjøleskap i ca. 3-4 timar. Server gjerne med ferske bringebær eller liknande.