Sjokoladepistasjpålegg

DSC_0500

Søtt og nøtteaktig sjokoladepålegg med pistasjnøtter og kvit sjokolade. Perfekt på nysteikt brød, som fyll i gjærbakst eller på ei skei når søtsuget melder seg.

Dette pålegget er nydeleg på brødmat, gjærbakst og bollar. Det kan også brukast på vafler eller som fyll i diverse kaker eller søtsaker. Oppbevarer du det i kjøleskapet held det seg i ca. to vekers tid, men bør settast i romtemperatur nokre minutter før bruk for at det skal vere smidig og mjukt.

DSC_0506

Ingrediensar til ein porsjon sjokoladepistasjpålegg:

  • 150 g kvit kokesjokolade (bruk sjokolade med så god kvalitet som mulig for best resultat)
  • 1 ½ dl fløte
  • 150 g pistasjpaste (oppskrift her)
  • 1 klype havsalt

Hakk opp sjokoladen og ha den i ein bolle. Kok opp fløten i ein kjele til den når kokepunktet og hell så den varme fløten over sjokoladen. La det stå i 1-2 minutter. Rør så rundt i blandinga til all sjokoladen er smelta og du har fått ein glatt krem. Deretter rører du inn pistasjpaste  til alt er glatt og smidig. Smak til med salt. Hell så sjokoladepistasjpålegget over i glaskrukke og oppbevar i kjøleskap i opp til ca. 2 veker.

Denne gongen har eg i tilegg til å bruke pålegget på brødskiva også hatt det som fyll inni pistasjbollar saman med mørke sjokoladebitar.

DSC_0557

DSC_0536

4 comments

  1. Tror du jeg kan bruke denne i konfekt? I form med mørk sjokolade rundt?
    ☺️

    1. Hei! Det skal nok gå heilt fint 🙂 Berre sørg for at den er romtemperert når du skal bruke den og ha den i en sprøytepose for å få ned i sjokoladeformene 🙂 Lykke til! Og gi gjerne tilbakemelding om resultat 😉

  2. Hvor er oppskriften på pistasjpasta? Det står «oppskrift her», men jeg finner ikke noen oppskrift. Og da blir det litt vanskelig. Tenkte lage kaken med pistasjkrem og sjokoladetrekk 🙂

    1. Hei! Oppskrifta ligg på linken i ordet «her», dersom du held pila over ordet ser du det 😊 eventuelt kan du finne den ved å gå inn på oppskrifta på pistasjsnurrar 😊 kaka er utruleg god, så håper det fell i smak!😀👏

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *