Sjokoladeterte med valnøtter & kaffesmak

[dropcap]N[/dropcap]år du har lyst på ei kake, sjokolade og nøtter, men ikkje den vanlege sjokoladekaka eller noko som er alt for søtt. Då lagar du ei terte!

Denne sjokoladeterta er akkurat passe søt, mektig og bitter og er i tillegg enkel å mekke ihop. Tertedeig er raskt å lage og kan oppbevarast både i kjøleskap nokre dagar eller i frysaren i litt lengre tid. Så har du deiga til ein kvar pai eller terte lett tilgjengeleg når bakelysta eller kakesuget plutseleg setter inn.

[recipe-foody]Ingrediensar til sjokoladeterte:

Tertedeig:

  • 250 g hvetemel
  • 125 g meierismør, kaldt og i terningar
  • 1 klype salt
  • 4 ss vatn
  • 2 eggeplommer

Sjokoladefyll:

  • 150 g demerarasukker
  • 150 g lys sirup
  • 110 g meierismør
  • 170 g mørk kokesjokolade, finhakka (mellom 50-66 % kakaoinnhald, dess mørkare dess meir bitter, eg har brukt Valrhona Caraibe 66% og litt lys kokesjokolade)
  • 4 egg
  • 3 ts pulverkaffe
  • 1 klype salt
  • 1 ts vaniljeekstrakt
  • 1 neve valnøtter

[/recipe-foody]

Begynn med å lage tertedeiga. Ha hvetemelet og saltet i ein bolle og tilsett så smøret. Kna saman med fingrane til blandinga ser ut som sand. Tilsett så vatnet og eggeplommene og bland det godt inn til blandinga held saman utan å overarbeide deiga. Form til ein ball og pakk godt inn i plastfolie. Legg deiga i kjøleskapet og la ligge i minst 1 time før bruk.

Forvarm steikeovnen til 200 ºC. Ta så deiga ut av kjøleskapet og kjevle den ut til ein sirkel på ca. ½ cm tjukkelse på eit melete underlag. Ha deiga over i ei rund paiform på ca. 26 cm og trykk deiga forsiktig nedi og godt ut i kantane. Skjær av eventuell overflødig deig som stikker utanfor kanten. Prikk deiga med ein gaffel for å unngå for mykje luftbobler. Steik så tertebotnen i ca. 15 minutter til den blir lett gylden. Ta ut av ovnen og la den avkjøle seg litt.

Rist valnøttene lett i ei tørr steikepanne over middels varme til dei blir lett gyldne og sett så til sides.

Skru så ned ovnen til 180 ºC. For å lage fyllet har du sukkeret, sirupen og smøret i ein kjele over lav varme. Rør rundt innimellom og la det stå til smøret er smelta og alt er blanda godt saman. Ta kjelen av varmen og ha i den finhakka sjokoladen og la det stå i 2-3 minutter uten at du rører i det. I mellomtida piskar du saman egga, pulverkaffe, salt og vaniljeekstrakt i ein bolle. Fordel valnøttene utover tertedeiga. Rør så i sjokoladen slik at alt er blanda godt saman og hell halvparten av det ned i eggeblandinga. Pisk godt saman og hell så resten av sjokoladen over og bland godt igjen. Hell så sjokoladefyllet forsiktig over tertedeiga og valnøttene. Forma blir ganske så full, så sett forsiktig paien inn i steikeovnen igjen og steik i ca. 30 minutter, til paien har satt seg.

Avkjøl paien heilt før du tar du den ut av forma og dryss litt melis over ved servering. Paien smakar nydeleg med for eksempel litt vaniljeis og bær eller frukt for å få litt friskheit.

DSC_0742 2

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*