Sjokoladevafler

DSC_0194

Idag er det den store vaffeldagen og då må det sjølvsagt markerast med nystekte vafler. Desse søte sjokoladevaflene toppa med kesam og ferske bær blei frukosten her i dag og ein fin start på dagen.

Vafler kan du lage med eit nesten ubegrensa antall ulike mjøltypar og smakstilsetningar, men nettopp i dag var det sjokolade som frista mest for min eigen del. Vaflene inneheld også litt fullkornsmjøl slik at dei skal mette litt ekstra godt og gir i tillegg ein fin smak. Om du vil servere vaflene som ein frukost eller dessert med kesam og bær, iskrem eller syltetøy er heilt opp til deg sjølv, men av og til må det vere heilt innanfor å skeie ut litt til og med til frukost.

DSC_0215

Ingrediensar til ca. 10 vaffelplater:

  • 3 dl kveitemjøl
  • 3 dl fullkornsmjøl
  • 1 ¾ dl- 2 dl sukker (smak deg fram til kor søte du likar vaflene)
  • 5 ss bakekakao
  • 2 ts bakepulver
  • 2 ts vaniljesukker
  • ½ ts salt
  • 7 dl heilmjølk
  • 75 g smør, smelta & avkjølt
  • 3 egg

Topping:

  • rømme/kesam/yoghurt
  • ferske bær/frukt
  • honning
  • nøtter

Bland saman alt det tørre i ein bolle og tilsett mjølka litt og litt i gongen medan du rører godt rundt. Når du har ei klumpfri røre har du i det smelta smøret og blandar det godt inn i røra. Rør deretter inn egga eitt om gongen til du får ei glatt og ganske tjukk røre. La røra stå og svelle litt før du steiker den i eit vaffeljern.

Server vaflene nystekte med ønska tilbehør og nyt det!♥

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *