Skogsbærostekake på browniebotn

DSC_0324

Stekt ostekake med skogsbærsmak, mørk og seig browniebotn og eit tynt rømmelokk på toppen er både friskt og mektig. Smakane på denne kaka harmonerer nydeleg saman og servert saman med masse ferske bær på toppen er den eit fint bakverk å plassere på kakebordet.

Ostekake med skogsbærsmak har eg hatt lyst å lage lenge og at den skulle vere på ein botn av browniekake var det ingen tvil om. Det store spørsmålet var om eg skulle lage den vanlege typen som skal stivne i kjøleskapet eller om det skulle bli den stekte varianten. Sidan eg har lagt min elsk på stekte ostekaker som kan varierast i det uendelege måtte det bli nettopp den varianten. Kaka har ein saftig browniebotn med god sjokoladesmak , ostefyllet har frisk smak av syrlege skogsbær og ein nydeleg fløyelsmjuk konsistens som smeltar på tunga, og på toppen er det eit lite lag med syrleg rømme som har stivna. Husk på at det viktige når du lagar denne kaka er at alle ingrediensar er romtempererte for å få eit godt resultat.

DSC_0332

Ingrediensar til skogsbærostekake for ca. 8-10 personar:

Browniebotn:

  • 100 g smør
  • 2 dl sukker
  • 2 egg
  • 100 g kveitemjøl
  • 5 ss bakekakao
  • 1 ts vaniljesukker
  • 1 klype salt

Bærpurè:

  • 100 g blåbær, frosne
  • 100 g bringebær, frosne
  • 100 g bjørnebær, frosne
  • 3 ss sukker
  • 1 ss vatn

Ostefyll:

  • ca. 2 dl bærpurè ( av bærpurèen ovanfor)
  • 300 g kremost naturell
  • 150 g sukker
  • 1 klype salt
  • 1 ts vaniljesukker
  • 150 g crème fraÎche
  • 2 egg

Rømmelokk:

  • 3 dl rømme
  • 2 ss sukker
  • ½ vaniljestang, frøa

Til servering:

  • ferske bær
  • evt. bærpurè

Forvarm steikeovnen til 200 ºC og kle ei rund springform på 22 cm med bakepapir i botnen. Start med å lage browniebotnen.

Smelt smøret i ein kjele over middels lav varme og la det avkjølast litt. Pisk sukker og egg luftig i ca. 1-2 minutters tid. Tilsett det lett avkjølte smøret og bland godt saman. Sikt i kveitemjøl, kakao, vaniljesukker og salt og vend det forsiktig inn i røra til alt er blanda saman. Hell røra i springforma og la steike midt i ovnen i ca. 10 minutter. Avkjøl browniebotnen i forma.

For å lage bærpurèen har du blåbær, bringebær, bjørnebær, sukker og vatn i ein kjele og gir det eit raskt oppkok slik at alle bæra blir tinte. Ta av litt av væska og ta vare på det. Bruk deretter ein stavmiksar og kjør bæra til purè. Mål opp 2 dl med bærpurè og sett det til avkjøling på kjøkkenbenken. Resten av bærpurèen har du saman med væska frå bæra. Denne kan du bruke som saus til servering av kaka om du vil.

Forvarm steikeovnen til 150 ºC. Ha kremost, sukker, salt og vaniljesukker i ein bolle og pisk det luftig. Ha deretter i crème fraÎche og bland godt igjen. Tilsett egga eitt om gongen og bland godt mellom kvart av dei. Til slutt har du i bærpurèen og blandar godt saman til ei glatt røre. Hell ostefyllet over den avkjølte browniebotnen og sett midt i steikeovnen. La kaka steike i ca. 50 minutter, til fyllet har stivna men dissar lett i midten. Medan kaka står i ovnen blandar du saman rømme, sukker og vaniljefrø. Kaka vil nok sjå uferdig ut når du tek den ut, men den stivnar til når den er avkjølt. Etter ca. 50 minutter heller du forsiktig rømmeblandinga over kaka i eit jamnt lag og lar den deretter stå i ovnen og steike vidare i ca. 4-5 minutter ekstra. Avkjøl kaka heilt på kjøkkenbenken før du setter den i kjøleskap til den er heilt kald eller gjerne over natta.

Skjær forsiktig med ein skarp kniv rundt kanten på springforma for å løsne kaka og ha forsiktig over på eit fat. Server kaka med masse ferske bær og evt. bærpurè om du ønskar det.

DSC_0287

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *