Skogsbærsaft

[dropcap]N[/dropcap]okon saftperson skal eg ikkje lyge på meg å vere, men no og då fristar det veldig med eit glas kald og forfriskande drikke. Heimelaga skogsbærsaft med blåbær, bringebær og bjørnebær er friskt, søtt og smakfullt og inneheld mykje sunne vitaminar.

Denne safta har eg laga av frosne bær frå frysaren, men her kan du fint bruke ferske bær også. Blåbæra er frå dei sjølvplukka norske skogsblåbæra eg fekk plukka inn i haust og bringebæra er av dei søte Valldalbæra frå i sommar, så her er det mykje god smak. Om du brukar ferske bær kan det hende du treng ein liten tanke meir vatn, sidan det i dei frosne bæra naturleg nok vil vere litt ekstra væske.

DSC_0917

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 2 liter skogsbærsaft:

  • 850 g frosne bringebær
  • 550 g frosne blåbær
  • 400 g frosne bjørnebær
  • 8 dl vatn
  • 3-4 dl sukker pr. liter ferdig saft
  • ½ vaniljestang
  • sitronsaft

[/recipe-foody]

Ha bringebær, blåbær, bjørnebær og vatn i ein stor kjele og la det koke opp forsiktig. Skru ned temperaturen og la det stå og småputre litt i ca. 15 minutter. Sil deretter safta frå bæra gjennom eit dørslag med eit linklede over. La det stå og renne av seg i ca. 1 times tid slik du får med all safta og smaken frå bæra.

Mål opp den ferdig avrente safta og ha over i kjelen igjen. Tilsett ca. 3-4 dl sukker pr. liter ferdig avrent saft. Her må du smake deg fram etter eige ønske og kor søte bæra er. Eg sjølv brukte ca. 3 ½ dl sukker pr. liter. Del vaniljestanga i to på langs og skrap ut frøa. Ha både vaniljestang og vaniljefrø oppi safta og la det stå over middels varme på plata medan du rører rundt heilt til alt sukkeret er oppløyst. Gi safta eit lite oppkok. Trekk deretter frå varmen og smak til med sitronsaft. Skum av safta om nødvendig og hell over på varme flasker. Avkjøl og oppbevar kjølig.

DSC_0922

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*