Smørbrød med lakserøre

DSC_0732

Smørbrød med salat og ein herleg crème fraÎche- og røykalaksrøre. Perfekt som frokost, lunsj eller kveldsmåltid.

Smørbrød kan vere så mykje meir enn berre det vanlege pålegget, og ein kan variere i det uendelege. Denne gongen har eg laga ein slags kremete salat med røykalaks og gode smakar. Saman med godt brød eller baguette blir dette eit flott måltid.

DSC_0700

Ingrediensar til smørbrød med lakserøre for ca. 2 personar:

Lakserøre:

  • 100 g røykalaks (evt. røykt ørret)
  • 1 dl crème fraÎche
  • 2 ts grov dijon sennep
  • 1 liten vårløk
  • 1-2 ts sitronsaft
  • salt & peppar

Tilbehør:

  • 1 stor baguette eller godt brød
  • rucculasalat
  • agurk, skiver
  • rødløk, ringar
  • evt. ramsløkpurè

Skjær røykalaksen i små bitar med ein kniv eller kjør den i ein foodprocessor i nokre sekunder. Ha crème fraÎche i ein bolle og bland inn dijon sennep og smak til med sitronsaft og salt og peppar. Finhakk vårløken og ha både den og røykalaksen i crème fraÎchen og bland godt saman.

Del baguetten i to eller skjær skiver av brød og legg ruccula, agurk og rødløk på brødet og fordel lakserøre på toppen. Topp med ramsløkpurè om du har det tilgjengeleg og nyt eit godt måltid!

DSC_0718

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *