Snurrar med raud pesto, spekeskinke & cheddar

[dropcap]G[/dropcap]jærbakst med pesto og fyll slår aldri feil, og det gjorde heller ikkje desse luftige og gode snurrane. Perfekte som turmat eller tilbehør til salat eller tapasbordet.

Bruk gjerne din favorittost i desse brødsnurrane dersom du ikkje har cheddar i hus. Smaken av smelta ost saman med brødet er nydeleg uansett type ost. Du kan også bruke enten heimelaga eller ferdiglaga pesto frå butikken i denne oppskrifta. Dersom du får restar er desse forresten supre å fryse ned til seinare også.

EDnlffr4T1mqekCUPxYmEA_thumb_74ff

[recipe-foody]Ingrediensar til 8 stk pestosnurrar:

Gjærdeig:

  • 200 g kveitemjøl
  • 130 g sikta speltmjøl
  • 6 g salt
  • 15 g fersk gjær
  • 160 g heilmjølk (ca. 1 ½ dl)
  • 1 egg
  • 60 g smør, romtemperert

Fyll:

  • ca. ½ glas raud pesto (à 185 g)
  • 8 skiver spekeskinke
  • ca. 100 g cheddar, riven
  • fersk basilikum
  • riven parmesan, til topping

[/recipe-foody]

Bland saman kveitemjøl, speltmjøl, salt og gjær i ein bolle og smuldre inn gjæren i mjølet. Tilset heilmjølk og egg og elt deiga i kjøkenmaskin i nokre minutt. Tilset deretter det romtempererte smøret og elt deiga vidare i ca. 5-7 minutt på lav hastigheit, til du får ei glatt og smidig deig. Du kan også elte deiga for hand. Då rører du berre inn det våte og smøret og strør mjøl på kjøkenbenken før du knar og eltar deiga godt i 5-8 minutt. Dekk bollen med plastfolie og set til heving på ein lun stad i ca. 2 timar, eller til deiga er dobla i storleik.

Kjevle deiga ut til eit rektangel på ca. 50 cm x 30 cm og 4-5 mm tjukkelse. Smør utover eit jamt lag med raud pesto. Riv opp spekeskinka i små bitar og fordel utover rektangelet før du toppar med riven cheddar. Strø nokre blad finhakka basilikum over til slutt. Rull saman til ei avlang pølse på langsida av rektangelet og trykk lett utover slik at pølsa blir ca. 1 m lang. Skjær opp i 8 like store pølser. Bruk ein skarp kniv og snitt kvar pølse på langs slik du nesten deler den i to. Vri dei to delane rundt kvarandre slik du får ein slags fletta snurr. Set på steikebrett med bakepapir og lat etterheve i ca. 30-45 minutt.

Forvarm steikeomnen til 200 ºC. Dryss litt riven parmesan over snurrane og set midt i steikeomnen. Lat steike i ca. 15-20 minutt, eller til dei er gyldne og sprø på utsida. Avkjøl på rist.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*