Solsikkerundstykker

DSC_0065

Enkle, halvgrove og luftige rundstykker med sprø skorpe og solsikkefrøkjerner. Desse rundstykka er supre til frukost og i matpakka og mettar godt.

Linfrø og solsikkefrøkjerner er sunne og inneheld viktige næringsstoff. Så desse rundstykka kan trygt bli ein del av det daglige kostholdet. Den sprø skorpa på utsida gir ein herleg konsistens og smak. Oppskrifta krever litt ekstra hevetid for å få det beste resultatet, men det gjer slett ingen ting når arbeidet er minimalt.

DSC_0044

Ingrediensar til ca. 16 stk solsikkerundstykker:

  • 600 g hvetemel
  • 300 g grov sammalt rug
  • 50 g linfrø
  • 25 g fersk gjær
  • 2 ts salt
  • 7 dl vatn
  • solsikkefrøkjerner til pynt

Bland saman mel, linfrø, gjær, salt og vatn i ein bolle og elt det saman i 2-3 minutter til ei ganske klissete deig. Dekk bakebollen med plastfolie og la deiga heve i 2 timar. Under hevinga skal du ha to brettingar av deiga. Etter det har gått 40 minutter heller du ut deiga på ein melete kjøkkenbenk og strekker den ut til ein firkant. Brett inn deiga i ca. 8 små foldar inn mot midten og stram godt til. Legg tilbake deiga i bakebollen og dekk med plastfolie igjen. Etter nye 40 minutter gjentek du strekke-og bretteprosessen på eit melete underlag igjen og sett deiga til heving på nytt.

Når det har gått nye 40 minutter og deiga har fått heva ferdig i ca. 2 timar strør du godt med mel på to bakepapirkledde steikebrett. Del deiga i to firkanta emner og flat den lett ut med hendene. Legg eit deigemne på kvart steikebrett og trykk det utover til eit rektangel på ca. 2 cm tjukkelse. Del kvart rektangel i 8 små firkantar med ein kniv. Legg firkantane utover brettet med litt avstand, pensle med vatn og strø solsikkefrøkjerner på toppen. Dekk med kjøkkenhandklede og la dei etterheve i ca. 1 times tid.

Forvarm steikeovnen til 230 ºC. Sett dei ferdigheva rundstykka midt i den forvarma steikeovnen og la dei steike i ca. 20 minutter, til dei er sprø og gyldne på toppen. Avkjøl på rist.

DSC_0054

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *