Solskinsbolle

lyC9VdS1QZijyWpns4tjoQ_thumb_6eb4

Solskinsbollar er kanelsnurrar som har ei «sol» av gul eggekrem i midten og smakar nydeleg godt enten det er sol eller ei. Bollane er baka med speltmjøl og blir luftige og gode.

Bolleoppskrifta er den same eg har lagt ut i dette innlegget tidlegare og gir luftige og lette bollar. Om du ønsker kan du sjølvsagt lage bollane med vanleg kveitemjøl i staden for spelt. Bollane eignar seg ypperleg til å fryse ned slik du raskt har god gjærbakst å servere når behovet melder seg.

+hjzujmZT8iXtLaUbF+SbA_thumb_6ea2

WggvrD6CTyGAer3c5B7utw_thumb_6eab

Ingrediensar til 16 stk. store solskinsbollar:

  • 5 dl heilmjølk
  • 50 g ferskgjær
  • 1 kg sikta speltmjøl
  • 150 g sukker
  • 2 ts kardemomme
  • 8 g salt
  • 1 egg
  • 150 g smør, kaldt & i terningar

Kanelfyll:

  • 150 g smør, romtemperert & mjukt
  • 150 g sukker
  • 15 g kanel

Eggekrem:

  • 2 ½ dl mjølk
  • 2 ½ dl fløte
  • 100 g sukker
  • 1 ts ekte vaniljesukker
  • 4 eggeplommer
  • 35 g maizena

Varm opp mjølka til den er fingervarm og hell mjølka over gjæren i ein bakebolle og rør ut. Tilsett mesteparten av speltmjølet, sukker, kardemomme, salt og egg og elt deiga i maskin i ca. 5-10 minutt. Tilsett smøret i deiga og elt vidare i ca. 5 minutt ekstra eller til smøret er elta inn i deiga utan klumpar. Sett deiga til heving på ein lun stad og la stå til dobbel størrelse, ca. 1-1 ½ time.

Medan deiga står til heving kan du lage eggekremen. Ha mjølk, fløte, sukker og vaniljesukker i ein kjele og varm det forsiktig opp til det når kokepunktet. Ha eggeplommene i ein bolle saman med maizena og visp det godt saman. Hell ein tredjedel av den varme mjølka over i eggeplommene medan du piskar godt og jamnt slik at du ikkje får koagulerte eggebitar. Hell blandinga deretter tilbake i kjelen og set over middels lav varme på komfyren. Pisk heile tida godt rundt i blandinga slik det ikkje koagulerer og blir eggerøre. Når blandinga når kokepunktet lar du den såvidt småputre litt 1-2 minutt til du har fått ein tjukk krem. Kremen er ferdig når du dreg ein slikkepott opp og kremen danner ein spiss som heng fast. Trekk kjelen frå varmen og hell over i ein bolle for avkjøling.

Kjevle ut deiga til eit stort rektangel på ca. 40 cm x 50 cm. Bland saman ingrediensane til kanelfyllet og smør det utover rektangelet i eit jamnt lag. Rull saman deiga på kortsida slik du får ei tjukk pølse. Skjær deiga i ca. 16 stk tjukke skiver med ein skarp brødkniv. Set på bakepapirkledd steikebrett og la etterheve i ca. 30-45 minutt eller til dobbel størrelse.

Forvarm omnen til 200 ºC. Lag ei litt djup grop i kvar bolle og ha i ca. 1 ss med eggekrem i kvar av dei. Set brettet midt i omnen og la steike i ca. 12-15 minutt, til bollane er gyldne på farge. Avkjøl på rist.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *