Sopp- & potetgrateng med bacon & asparges

[dropcap]N[/dropcap]år du har lyst på noko skikkeleg godt og mektig til middagskosen i helga kan ein grateng vere supert å lage. Denne inneheld for det meste masse grønsaker, litt bacon, ein heil del fløte og masse god smak.

Gratengen blir ein saftig smaksopplevelse med god fløtesaus, smakfulle grønsaker og på toppen er det eit herleg lokk av gratinerte poteter og ost. Dersom du har andre typar grønsaker i kjøleskapet kan du fint erstatte ingrediensane med kva du måtte føle for, men sopp og bacon vil eg anbefale at du har i uansett. Sjølv elskar eg sopp og puttar det i alle middagar det måtte passe inn i. Gratengen tek ca. 45 minutter å lage og er super som middagsrett på ein lat søndag der kos står øverst på lista. Oppskrifta held til ca. 3-4 personar alt etter kor mykje tilbehør du serverar ved sidan av.

DSC_0579

DSC_0593

[recipe-foody]Ingrediensar til sopp-& potetgrateng for ca. 3-4 personar:

  • 2 fedd kvitløk, finhakka
  • 2 middels store sjalottløk, i tynne strimlar
  • 150 g baconskiver
  • 350 g mini champignonsopp
  • 200 g asparges
  • 2 raude vårløk (evt. vanleg vårløk)
  • 2 ss fersk bladpersille, finhakka
  • 3 dl fløte
  • 2 ss worcestershiresaus
  • 1 toppa ss grov sennep
  • 3 store poteter
  • 75 g mozzarella
  • parmesan
  • salt & peppar

Til servering:

  • rucculasalat
  • evt. brød

[/recipe-foody]

Forvarm steikeovnen til 200 ºC.

Varm opp ei steikepanne og ha i litt olivenolje. Ha i kvitløk og sjalottløk og la det surre på middels varme til det blir mjukt og blankt. Legg til sides. Hakk opp baconskivene i bitar på ca. 2-3 cm og steik i panna til det blir gyldent og sprøtt. Ha over på eit fat og behald så mykje du klarer av fettet frå baconet i steikepanna. Skjær champignon i skiver på ca. ½ cm og del dei gjerne i to om dei er store. Steik soppen i baconfettet til den blir gyldenbrun og væska i soppen har trekt ut. Skjær asparges i bitar på ca. 2-3 cm og vårløk i ringar på ca. 1 cm. Ha begge deler i steikepanna med soppen og tilsett løkblandinga og baconet. Ha i fersk persille, fløte, worcestershiresaus og sennep og skru ned på lav varme. Rør godt rundt og smak til med salt og peppar. Ha blandinga over i ei ildfast form på ca. 26 cm. Skjær potetene i skiver på ca. 2 mm tjukkelse og legg dei på toppen av soppblandinga slik dei overlappar kvarandre. Riv mozzarella i bitar og fordel oppå potetene saman med ei raus mengde parmesan. Kvern over litt svart peppar og sett midt i steikeovnen. La steike i ca. 30 minutter, til osten er sprø og gylden. Strø på litt persille og server saman med salat og godt brød.

DSC_0585

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*