Sopprisotto med kantarell & ruccula

DSC_0259

Risotto er mettande og kan varierast i det uendelege med smakar og tilbehør. Her i soppversjon med kantarellar, purre og ruccula. Sopprisotto er nydeleg haustmat til å varme seg på mørke kveldar og er skikkeleg kosemat. Med god kraft og fersk sopp blir dette ein smakfull rett å glede seg til å få sette tennene i.

Den italienske retten risotto er opprinneleg ein forrett og er laga med rundkorna ris som arborio eller carnaroli og kan ligne litt på den norske grautrisen. Risotto kan vere forrett, hovedrett eller også tilbehør til middagsrettar. Som hovedrett tilsetter ein gjerne litt ekstra ingrediensar i sjølve risottoen slik den skal vere eit fullverdig måltid med litt ekstra smak. Sopp smakar fantastisk aleine og det er nettopp denne smaken som sett seg i risottorisen og gir ein herleg smak. Risotto er enkelt og tek heller ikkje så alt for lange tida å lage.

DSC_0249

Ingrediensar til sopprisotto for ca. 2-3 personar:

  • 3 ss meierismør
  • 1 ss olivenolje
  • 2 medium store sjalottløk
  • 2 ½ dl arborioris
  • 200 g kantarell
  • 50-75 g champignonsopp
  • ca. 7- 7 ½ dl god kyllingkraft
  • 1 ss hvitvinseddik
  • 40 g parmesan, riven
  • ½ purreløk, finhakka strimlar ( bruk kun det grønne)
  • ca. 1-2 ts tørka persille
  • sitronsaft
  • salt & peppar
  • rucculasalat, til servering

Varm opp kyllingkrafta i ein kjele og hald den varm på lav temperatur. Varm opp ein stor kjele og smelt smøret i kjelen. Finhakk sjalottløk og tilsett i smøret. Skjær all champignonsoppen i tjukke skiver og riv halvparten av kantarellsoppen i passande delar og ha det saman med løken og la det surre til løken er blitt blank og soppen har fått farge. Ha i olivenoljen, hvitvinseddik og arboriorisen og la det surre med samtidig som du stadig rører rundt til risen er blitt blank. La risottoen koke på medium varme. Tilsett kyllingkrafta 1 dl om gongen og rør rundt til all krafta er absorbert inn i risen før du har i neste dl med kraft. Fortsett med dette til du har igjen ca. 1 dl kyllingkraft.

Samtidig som du kokar risottoen sett du på ei steikepanne på medium høg varme og har i resten av kantarellsoppen. La den ligge eit par minutter før du rører på den. Ha i nokre dråpar olivenolje og litt smør og steik soppen til den har fått ein fin og gylden farge. Krydre med litt persille, salt og peppar.

Når du har igjen ca. 1 dl kyllingkraft har du i purreløk og nesten all parmesanosten og rører godt rundt i risottoen. Legg lokk på kjelen og lat risottoen stå og kvile i ca. 1-2 minutter. Risen skal fortsatt ha litt tyggemotstand og vere krema, men samtidig kokt nok når den er ferdig. Om den er alt for hard og ukokt må du berre tilsette meir kraft og fortsette prosessen litt til.

Ha i resten av krafta litt og litt for å løyse opp risottoen litt til du har fått den konsistensen du ønskar. Smak til med litt sitronsaft, og salt og peppar om det er behov for det. Server så den varme risottoen med litt frisk rucculasalat, den stekte kantarellsoppen og riv nokre parmesanflak over. Nydeleg, smakfull og varmande kosemat som kan nytast med eit glas god vin!

DSC_0246

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *