Søt tertedeig

DSC_0778

Søt tertedeig er utgangspunktet for mange gode dessertar og terter i både store og små utgåver. Deiga er superenkel å lage og perfekt til for eksempel terter med bær og anna godt fyll.

Av denne deiga har eg laga både terter med vaniljekrem og bær, fransk eplepai og sjokoladeterter for å nemne noko. Deiga kan lagast på førehand og oppbevarast i kjøleskap i 2-3 dagar eller du kan pakke den godt inn og fryse ned i litt lengre tidsrom. Av denne porsjonen får du rikeleg med deig til ei stor terte eller evt. mange små porsjonsterter.

DSC_0772

Ingrediensar til ein porsjon søt tertedeig:

  • 350 g kveitemjøl
  • 1 klype salt
  • 150 g meierismør, kaldt & i terningar
  • 90 g melis
  • 2 middels store egg

Ha kveitemjølet og saltet i ein bolle og bland det godt saman. Tilsett deretter smøret og smuldre det inn i mjølet med fingrane til du får ei kornete blanding. Tilsett deretter melis og egg og rør godt saman med ein gaffel til du får ei samanhengande og fast deig. Form til ein ball og trykk den lett flat og pakk inn i plastfolie og legg kaldt i kjøleskap i ca. 1 times tid før bruk. Denne deiga kan du også lage raskt i ein foodprocessor om du heller vil det. Bland kveitemjølet og saltet og bruk deretter ‘pulse’-knappen på maskina og bland inn smøret til ei kornete blanding. Ha i melis og egg og la maskina gå til deiga samlar seg i ein klump.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *