Søtsaker

LrBBAOD1Sse9akBgaxVExA_thumb_6d01

Påskemat

åske er tid for familiehygge, hyttekos og gode måltid med dei ein har rundt seg. For dei aller fleste inneheld påska både lammekjøt, suksessterte, egge-rettar, god gjærbakst og masse søtsaker. Her er det samla saman eit lite knippe med gode oppskrifter på rettar som passar perfekt til påskekosen.
elwsmvnytdy5nierst5aa_thumb_64fb

Kvepsebol

akebokser som skal fyllast til jul betyr ein heil del eksperimentering og smaking på diverse søtsaker. Med nokre eggekviter til overs og ein forkjærleik for lakris, sjokolade og nøtter så blei desse marengskjeksa til. Kvepsebol som dei så fint heiter er små kjeks av marengs som er fylte med bitar av sjokolade og nøtter. Desse
Read more
iy9m1hxs5kmebz0tkm4hw_thumb_63f6

Krydra bjørnebærsyltetøy

ette syltetøyet av bjørnebær er krydra med gode aromatiske krydder som stjerneanis, kanel og vanilje og er herleg både som pålegg på gjærbakst eller til dessertar og gode ostar.
1zvcskiwqle4g82vfnixg_thumb_6397

Seige emmerkjeks med sjokolade

mmer er eit urgammalt kornslag og er også ein av forfedrene til spelt. Emmer er rikt på fiber og gir ein relativt mørk farge og meir intens smak enn vanleg kveite. Desse kjeksa får ein litt grov utsjånad utan at det «smakar sunt»og er etter mi meining heilt nydelege. Kjeksa er sprø på utsida og
Read more
b5qvrtoruuegz1rfxhia_thumb_62dd

Eplegelè med rosmarin

plegelè er nydeleg som tilbehør til ost og kjeks eller som pålegg på brødskiva. Dei norske epla gir ein herleg smak og ein nydeleg fin farge til gelèen, så her gjeld det å bruke epla medan ein framleis kan!
zo4vzhaathu82wpikqw0a_thumb_606d

Baklava

øtt, knasande, klissete og krydra er stikkord for denne herlege tyrkiske dessertkaka. Med lag av filodeig, nøtteblanding med kanel og søt honningsirup dynka over det heile har du ein søt og smakfull godbit til kaffèen.
DSC_0032

Rabarbra-& jordbærkompott

abarbra og jordbær smakar nydeleg saman og gir ein fin harmoni av syrleg og søt smak. Denne kompotten er frisk på smak med eit lite hint av krydder og er god på godt brød, vafler, pannekaker eller i yoghurt-eller dessertskåla.
DSC_0886

Amarettikjeks

maretti er italienske makronkjeks som er laga av eggekviter, sukker og mandelmjøl. Opprinneleg skal dei innehalde Amaretto som er ein italiensk mandellikør, men sidan eg ikkje hadde det brukte eg mandelessens. Kjeksa ser kanskje ikkje så spennande ut, men smaken er nydeleg. Sprø og knasande tekstur med god smak av mandel.
DSC_0121 2

Påskeegg med marsipan & nougatcrunch

gg i alle variantar og smakar høyrer påska til og det samme gjeld søtsaker til å fylle påskeegga med. Desse søte munnfullane med heimelaga marsipan, nougat, karamelliserte pistasjnøtter og sjokolade er nydelege og passar perfekt saman med ein kopp kaffe og ei god bok.
DSC_0069

Flødebolle med jordbær & lakris

anske flødeboller er små søte godsaker med ein botn av marsipan eller kjeks, sukkerskum med eller utan smakstilsetning og eit sjokoladetrekk utanpå. Denne varianten er laga med kransekakedeig med lakris, jordbærskum og sjokolade med lakrisstrøssel på toppen.
DSC_0588

Dulce de leche (karamell)

enne typen karamell er kanskje den aller enklaste du kan lage og krever minimalt med arbeid. Den er rett og slett laga av søta kondensert mjølk som er kokt på lav temperatur og smakar nesten litt prim-eller brunostaktig.
DSC_0521

Sjokoladegranola

v og til er sjokoladetrangen så stor at det fristar til og med til frukosten. Denne heimelaga granolaen med sjokolade er kanskje ikkje den sunnaste, men litt luksus må ein vel kunne unne seg ein gong iblant, sjølv til frukost?
DSC_0002

Peppermyntekonfekt

esse nydelige konfektbitane har eg funne oppskrifta på i Skafferiets kokebok frå det flotte Skafferiet på Mjøsa. Det er fyrste gongen eg prøvar meg på desse, men definitivt ikkje siste gong. Dei består av herleg og krema mintfyll i midten og eit tynt lag mørk sjokolade på utsida. Rett og slett nydeleg!
DSC_0105

Mjuke karameller

arameller er noko dei aller fleste heimar har til jul i både den eine og andre varianten. Nokon likar mjuke karameller og nokon likar harde karameller som minner meir om små drops. Eg likar karameller i ein mjuk og seig variant, slik som denne.
DSC_0120

Mozartkuler

ok ei oppskrift på ein søt liten fristelse som passar fint til juletida. Desse små mozartkulene har eit tynt lag med mørk sjokolade utanpå, seig og god pistasjmarsipan inni og ein liten bit søt nougat i midten.
DSC_0096

Sarah Bernhardt

esse små konfektkakene høyrer garantert med til julebaksten i mange heimar som også her i huset. Eg har laga desse godbitane til kvar jul dei siste åra og synest dei er like gode kvar gong. Sarah Bernhardt-kakene består av ein seig mandelbotn med ein smørkrem med mokkasmak og eit tynt lag med sjokolade utanpå.
DSC_0014

Lakriskarameller

akris er ein av mine favorittar når det kjem til snop og søtsaker. Både søt og salt lakris går ned på høgkant og har den seig karamell eller fudge-konsistens i tillegg er det enda bedre. Oppskrifta på desse seige lakriskaramellene er veldig enkel og tek ikkje lange stunda å lage.
DSC_0832

Granateplesirup

ærsirupar har eit allsidig bruksområde og fungerer like bra på søte og salte rettar. Denne granateplesirupen smakar både søtt og syrleg og kan brukast til det meste!
DSC_0495

Heimelaga Bounty

okosnøtt har eg alltid vore veldig glad i og derav har også Bounty vore fast innslag på sjokoladefronten. Oppskrifta på denne heimelaga varianten er superenkel!
DSC_0449

Sjokoladebiscotti med pistasjnøtter & havsalt

ydelige sprø kjeks med kraftig smak av kakao, sprø pistasjnøtter og eit godt dryss med havsalt på toppen. Kjeksa er ikkje av den alt for søte typen og har ganske så «voksen» smak som passar til kaffekoppen.
DSC_0371

Speculooskjeks

rydra og sprø kjeks som kan minne litt om pepperkaker. Smaken på desse kjeksa er ikkje fullt så sterkt krydra som pepperkaker, har ein meir framtredande smak av smør og er rett og slett ganske gode kaffekjeks spør du meg!
DSC_0659

Heimelaga vaniljekrem

aniljekrem er ypperleg tilbehør til dessertar og bær eller som fyll i gjærbakst. Lagar du heimelaga vaniljekrem får du også med smaken av ekte vanilje som ofte er mangelvare i ferdigkjøpt vaniljekrem.
DSC_0436

Salt karamellsaus

erleg søt og salt karamellsaus som smeltar i munnen. Denne lettvinte karamellsausen lagar du på 1-2-3 og smakar nydeleg til diverse dessertar og bakst.
DSC_0126

Sjokolademakronar med bringebærsmørkrem

akronar nok ein gong! «Ein kan aldri få nok makronar », som mi aller beste venninde seier. I dette tilfellet stemmer det så absolutt! Søte makronar med sjokoladesmak og eit friskt og syrleg bringebærfyll er dei perfekte små godbitar!
DSC_0866

Heimelaga vaniljesaus

anilje er ein av mine store smaksfavorittar og noko av det aller beste er vaniljesaus. Her er vaniljesausen i selskap med sjølvplukka ferske norske skogsblåbær, unektelig godt!
DSC_0551

Jordbærsirup

ordbærsirup er friskt, søtt og syrleg og kan brukast på iskrem, dessert, yoghurt, pannekaker og meir. Din eigen heimelaga bærsirup lagar du lett!
DSC_0157

Chocolate chip cookies med havsalt

eige, søte og salte kjeks med både kvit og mørk sjokolade og havsalt er ein sikker vinnar saman med eit glas kald melk ein trist regnværsdag.
DSC_0918

Pasjonsfrukt- og sitroncurd

asjonsfrukt-og sitroncurd er syrleg, søtt og friskt og smakar av sommar. Denne fruktsmørkremen er like god på scones, i dessert, som fyll i kaker og terter, på vafler eller pannekaker, som den er spist rett frå glaset med skei.
DSC_0414

Sjokolademakronar med pralinekrem

akronar er franske små søte fristelsar laga av mandelmel og marengs i forskjellige fargar og smakar og er fylte med god krem, ganache eller liknande. Dei er sprø utanpå og seige inni og gjer seg også bra på kakefatet dekorative som dei er.