[dropcap]S[/dropcap]ouvlaki er greske grillspyd med marinert kjøt. Som oftast er det svinekjøt eller kylling det er snakk om, men også lammekjøt blir brukt. Her har eg laga souvlaki av svinekjøt og servert saman med pitabrød, ein nydeleg fetakrem (tirokafteri) og fersk salat.
Denne retten går rimeleg kjapt å lage så sant du har laga pitabrøda på førehand. Kjøtet bør helst ligge i marinaden i ca. 1 døgn før servering for best mogleg smak, men det blir nydeleg godt sjølv om du lagar det med ein gong. Det greske kjøkken har utruleg mange gode rettar som er laga med få og enkle råvarer, men allikevel er rikt på smak. Aller helst skulle ein kanskje ha vore i Hellas på ein gresk taverna i den behagelege kveldsvarmen når ein skal ete dette måltidet, men når ein sett tenna i maten er det allikevel lett å drøyme seg vekk og nyte øyeblikket til tross for at sommaren framleis er eit stykke unna.
[recipe-foody]Ingrediensar til souvlaki med pitabrød & fetakrem for ca. 4 personar:
Souvlaki:
- 700 g svinekjøt, i terningar
- 2 store fedd kvitløk, knuste
- ½ – 1 sitron, safta
- 3-4 ss fersk oregano, grovhakka
- olivenolje
- salt & peppar
- grillpinnar, til steiking
Tirokafteri (fetakrem) :
- 200 g fetaost, i blokk (Apetina mild)
- 120 g ricotta
- 2 fedd kvitløk, knuste
- 1 dl olivenolje
- ½ sitron, safta
- fersk oregano
- ½ ts chiliflak
- ½ ts tørka timian
- 1 klype paprikapulver
- salt & peppar
Tilbehør:
- 4 pitabrød (for eks. etter oppskrift her)
- 1 rødløk, i tynne ringar
- ½ agurk, i skiver
- 1 klase cherrytomat
- grøn salat
- fersk oregano
[/recipe-foody]
Om du brukar grillpinnar av tre kan du legge dei i vatn for å trekke ei stund før steiking slik du unngår at dei tek fyr. Ha svinekjøtterningar, kvitløk, sitronsaft, oregano og ein god skvett med olivenolje i ei stor skål. Krydre godt med salt og peppar og bland det heile godt saman slik du får fordelt smakane utover alt kjøtet. Sett gjerne til marinering i kjøleskap over natta eller la det stå på kjøkkenbenken ei lita stund medan du gjer klart resten.
For å lage fetakremen har du fetaost, ricotta, kvitløk, nesten all olivenoljen og sitronsaft i ein stavmiksar og kjører til du får ein nesten heilt glatt purè. Ha deretter i oregano, chiliflak, timian, paprikapulver og kjør blandinga nokre sekund ekstra. Smak til med eventuelt meir sitronsaft, salt og peppar. Ha i ei skål og ringle over litt ekstra olivenolje på toppen ved servering.
Varm opp ei grillpanne (evt. vanleg steikepanne) til den er glovarm. Ha i litt olivenolje. Tre kjøtet inn på grillpinnar og grill det i panna på høg varme til du får grillmerker på alle sider og kjøtet er gjennomstekt med saftig kjerne. Server varme pitabrød med grillspyda, salat og fetakrem. Dra gjerne kjøtet frå pinnen og rull saman alt fyllet inn i pitabrødet til ein slags kebab/wrap.