Speculooskjeks

DSC_0371

Krydra og sprø kjeks som kan minne litt om pepperkaker. Smaken på desse kjeksa er ikkje fullt så sterkt krydra som pepperkaker, har ein meir framtredande smak av smør og er rett og slett ganske gode kaffekjeks spør du meg!

Den originale utgaven av desse kjeksa har sitt opprinn frå Nederland i hovudsak og vart laga til St. Nicholas-festen i desember og skulle originalt ha eit motiv frå historiene om St. Nicholas på eine sida. Fyrste gongen eg fekk smake denne typen kjeks var nok ombord på eit fly til Amsterdam, og sidan har eg hatt lyst å prøve på min eigen variant. Med litt eksperimentering har eg komme fram til denne oppskrifta som eg synest vart ganske så lik på smak. Smøret og sukkeret saman gir eit lite hint av karamellpreg på kjeksa etter steiking og er kanskje det som utgjer den største forskjellen frå pepperkaker for min del. Nokre av kjeksa fylte eg med ein herleg og lettkrydra sjokoladeganache som gir ein ekstra søt og god opplevelse.

DSC_0372

Ingrediensar til ca. 45 stk speculooskjeks:

  • 250 g smør
  • 1¼ dl brun farin
  • 1 ½ dl sukker
  • 1 ts vaniljeekstrakt
  • 1 ss heilmjølk
  • 5 ½-6 dl hvetemel
  • 1 ts bakepulver
  • 2 ss kanel
  • ¼ ts muskatnøtt, malt
  • ¼ ts ingefærpulver
  • ½ ts nellik, malt
  • ½ ts allehånde
  • ½ ts salt

Sjokoladeganache (til ca. 8-10 doble kjeks):

  • 100 g lys kokesjokolade av god kvalitet
  • ½ dl fløte
  • ¼ ts kanel
  • 1 klype vaniljepulver

Forvarm steikeovnen til 175 ºC.

Rør smør og sukker kvitt og luftig i ei kjøkkenmaskin. Tilsett vaniljeekstrakt og mjølk og bland saman. Ha alt det tørre i ein bolle og bland det saman. Tilsett deretter litt og litt av melblandinga i smøret medan maskina går på sakte fart. Når alt er blanda godt saman og du har fått ei fast deig som kan minne om pepperkakedeig er den ferdig. Pakk inn i plastfolie og la deiga kvile i ca. 1 time i kjøleskapet eller gjerne over natta slik den blir lettare å kjevle ut etterpå.

Strø hvetemel på kjøkkenbenken og kjevle ut deiga til ca. 3-5 mm tjukkelse, gjerne i fleire omgongar så blir det litt lettare. Trykk ut passelege kjeks i den fasongen du ønskar med ein kjeksutstikkar eller annan type småkakeform. Legg på bakepapirkledd steikebrett med litt avstand mellom kvar og sett midt inn i ovnen og la steike i ca. 10-12 minutter. Avkjøl heilt på steikebrettet før du flyttar på dei.

DSC_0376

Om du ønsker kan du fylle nokre av kjeksa med sjokoladefyll. For å lage sjokoladeganachen har du finhakka kokesjokolade i ein bolle og smeltar det forsiktig over vannbad. Kok opp fløten i ein kjele og trekk frå varmen i det det begynner å boble. Hell fløten over den smelta sjokoladen i ein tynn stråle medan du blandar med ein slikkepott i åttetals-bevegelsar slik du skaper ein emulsjon. Når du har ein glatt og blank sjokoladekrem har du i kanel og vanilje og blandar godt. Ha sjokoladen over i ein liten sprøytepose og sett kaldt slik kremen får satt seg litt. Deretter sprøyter du ut passande mengde med sjokoladeganache på undersida av eit kjeks og legg eit nytt kjeks på toppen. La dette få avkjølast og stivne litt før servering.

DSC_0361

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *