Speltfiloner med grilla Brie, pære og honningvalnøtter

DSC_0335

Speltfiloner er saftige rundstykker du lagar deiga til kvelden før og så kan steike til frokosten neste morgon. Enklare blir det nesten ikkje.

Speltfilonane har eg denne gongen valt å servere med grilla Brie, pæreskiver og valnøtter som har ligge i god honning. Ein litt annleis smakskombinasjon som verkeleg falt i smak. Toppa med litt fersk rosmarin og eit dryss havsalt på toppen blei det perfekt.

DSC_0339

Ingrediensar til ca. 20 store rundstykker og påleggsforslag:

Speltfiloner:

  • 1 l vatn
  • 20 g gjær
  • 4 ts grovt havsalt
  • 2 ss honning
  • 200 g speltflak (evt. havregryn)
  • 450 g sammalt hvetemel grov
  • 300 sikta speltmel
  • 300 g hvetemel

Forslag til pålegg:

  • 1 rund Brie-ost
  • fersk rosmarin
  • faste pærer
  • valnøtter i honning
  • olivenolje
  • maldonsalt

Ha vatn, gjær, salt og honning i ein bolle og bland. Tilsett alt det tørre og elt i maskin i ca. 15 minutter. Dette blir ei ganske så klissete deig. Dekk så bollen med plastfolie og sett kaldt i kjøleskapet over natta.

Neste dag tar du ut deiga og bruker to skeier dyppa i litt kaldt vatn til å forme rundstykker i litt avlange runde store klattar på steikebrettet og snurr endane litt saman.

Etterhev rundstykka i ca. 30 min og pensle dei så med litt vatn og strø mel eller speltflak over. Steik dei så midt i ovnen ved 225 ºC i ca. 15-20 min.

For å grille Brie-osten penslar du den inn med litt olivenolje på begge sider og strør på litt rosmarin. Legg den så i ei grillpanne med riller på høg varme og la ligge ca. 2 minutter på kvar side. Osten skal få gyldne grilla merker utan at den smeltar heilt.

DSC_0323

Skjær skiver av pærer og legg både det og Brie-ost på rundstykkene. Ha på litt valnøtter med honning, litt fersk rosmarin og eit lite dryss maldonsalt på toppen. Ein smakskombinasjon eg kan garantere at du vil like om du er ein osteperson!

DSC_0320

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *