Speltscones

[dropcap]D[/dropcap]esse små og luftige bakverka med mjuk innside og sprø utside er nydelege med ost og syltetøy eller berre ein raus klatt smør på. Perfekte å nyte varme og nysteikte ein tidleg morgon saman med ein god kopp te.

Scones er tradisjonelt frå Storbritannia og er små runde rundstykker som er laga med bakepulver istaden for gjær. Dei er heilt flate før steiking, men under steiketida reiser dei seg og blir høge og rustikke små bakverk. Deiga treng ikkje hevetid og er både rørt saman og steikt på svært kort tid. Scones kan du lage både lyse eller grove og søte eller salte. Desse er laga med speltmjøl og inneheld berre litt sukker. Dei smakar derfor nydeleg saman med både søtt og salt pålegg.

dsc01134

dsc01138

[recipe-foody]Ingrediensar til 12 stk. små scones:

  • 75 g sammalt speltmjøl, grovt
  • 225 g sikta speltmjøl
  • 3 ss sukker
  • 2 toppa ts bakepulver
  • ½ ts natron
  • ½ ts salt
  • 50 g smør, kaldt & i terningar
  • 1 ½ dl heilmjølk

[/recipe-foody]

Forvarm steikeovnen til 220 ºC.

Bland saman alt det tørre i ein bakebolle. Kna inn smøret til du får ei kornete blanding. Lag ei fordjuping i midten av mjølet og hell nedi mjølka. Bruk ein gaffel til å røre inn mjølet i væska litt og litt i gongen til du har fått ei glatt og smidig deig. Juster med meir mjøl etter behov. Kjevle ut deiga til ei 2 cm tjukk leiv og bruk eit glas eller liknande på ca. 6 cm i diameter til å stikke ut runde scones. Sett på bakepapirkledd steikebrett og pensle dei med mjølk på toppen. Sett midt inn i ovnen og lat steike i ca. 10-12 minutt, til dei har heva seg og er gyldne på farge. Nyt dei medan dei er lunkne med valgfritt pålegg!

dsc01143

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*