Spinatpai med bacon & spekeskinke

[dropcap]K[/dropcap]vardagsmat behøver slett ikkje vere kjedeleg. Denne paien er en av mine favorittar, og har blitt laga mange gongar. Smakfull spekeskinke og bacon blanda med sunn spinat og gode kryddersmakar.

Paien er like god slik eg har laga den her med kesam og grovt mel i kvardagsvennleg variant, som med finare botn og creme fraiche. Smaken står det uansett ikkje på! Paien er fin som middagsrett med salat ved sidan av, så vel som lunsjrett eller kanskje på tapasbordet.

[recipe-foody]Ingrediensar til paibotnen:

  • 2,5 dl grovt sammalt hvetemel
  • 1,5 dl hvetemel
  • 2 ts bakepulver
  • 1 ts salt
  • 1,5 dl melk
  • 50 g smelta meierismør

[/recipe-foody]

Ha mel, bakepulver og salt i ein bolle og bland. Ha så i melk og smør og kna deiga godt sammen. Deiga skal være glatt og litt fuktig, er den for tørr vil den vere vanskeleg å kjevle ut og sprekker lett. Form deiga til ein ball og trykk den lett flat, kjevle så til ein rund leiv som dekker over ei rund ildfast paiform på ca. 24 cm.

Smør forma med litt smør og legg paibotnen over. Trykk forsiktig deiga ut i kantane og legg så eit lag aluminiumsfolie over så det dekker alt og stikk oppover kantane. Press aluminiumsfolien forsiktig nedi forma så den følger kantane og fyll med tørka erter. Sett paiforma inn i ein forvarma steikeovn på 200 grader og la steike i 10 min. Så tar du ut aluminiumsfolien med ertene og lar botnen steike i 5 min til uten.

Imens paibotnen står i ovnen kan du lage fyllet til paien.

[recipe-foody]Ingrediensar til spinatfyll:

  • 1 pk frossen spinat (ca. 400-450 g)
  • 1 liten rødløk
  • 1 vårløk
  • 100 g bacon
  • 5-6 skiver serranoskinke/spekeskinke
  • 1 beger kesam original (evt. creme fraiche)
  • 1 neve rista pinjekjerner
  • 2 ss tørka persille
  • 2 ss tørka basilikum
  • 2 ss tørka oregano
  • 1 ss tørka salvie
  • 1 ss balsamico
  • 1 klype chilipulver
  • salt & peppar
  • ca 100 g reven ost ( mozzarella & rød cheddar)

[/recipe-foody]

Skjær bacon og spekeskinke i terningar og sprøsteik i ei steikepanne. Ha så i finhakka rødløk og vårløk i ringar og surr med i steikepanna til den er mjuk. Så sett du opp varmen litt og har i den frosne spinaten og lar det steike til den har tint opp og ein god del av vatnet har fordampa. Ha så i alt krydderet, pinjekjernene, balsamicoen og begeret med kesam og bland godt. Smak til med salt og peppar.

Ha så spinatfyllet over i paibotnen og fordel godt utover. Strø over reven ost og sett inn i steikeovnen på 200 grader i ca 25-30 min til osten er blitt gylden og paibotnen sprø i kantane.

 

Server gjerne med ein god salat med rucculasalat, cherrytomatar, pinjekjerner og litt god olivenolje, og ein klatt rømme eller lignande ved sidan av.

slice1

Håpar det smakar!

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*