Spinatpasta med bacon & sitronsaus

[dropcap]H[/dropcap]eimelaga pasta er både enkelt og kjekt å lage og kan varierast med ulike smakar. Denne pastaen inneheld spinat som gir den lysegrøne fine fargen og er servert saman med stekt bacon og ein krema saus med sitron og kremost.

Det å lage heimelaga pasta tek nok mindre tid enn kva ein kanskje skulle tru og så er det i tillegg ein kjekk aktivitet for både liten og stor. Fersk heimelaga pasta smakar også mykje bedre og gir ein god konsistens. Du kan også lage sjølve pastadeiga på førehand og oppbevare i kjøleskap i eit par dagar eller også pakke godt inn og fryse ned til lengre oppbevaring. Det er absolutt det enklaste å bruke ei pastamaskin når ein skal lage pasta, men det går heilt fint å bruke den gode gamle kjevla også.

swfx4zct0umrdvbowq2oq_thumb_648c

[recipe-foody]Ingrediensar til pasta for ca. 5-6 personar:

Pastadeig:

  • 65 g fersk spinat
  • 330 g durum kveitemjøl (evt. anna pastamjøl)
  • 3 store egg

Krema sitronsaus & bacon:

  • 200 g bacon, i små bitar
  • 2 fedd kvitløk, knust
  • 5 dl kyllingfond/kyllingbuljong (utblanda)
  • ½-1 sitron, safta
  • rive sitronskal, frå 1 sitron
  • 200 g kremost naturell
  • ein skvett matfløte
  • fersk persille
  • salt & peppar
  • parmesan, til servering

[/recipe-foody]

Fyrst må du lage pastadeiga. Kok opp vatn i ein kjele og ha i spinaten. La den koke med i 1 minutt til den er krympa saman. Hell av kokevatnet og skyll med kaldt vatn for å avkjøle spinaten. Klem ut alt vatnet. Bruk ein stavmiksar og kjør til purè. Ha kveitemjølet i ein haug på kjøkkenbenken eller i ein stor bolle og lag ei stor fordjupning i midten. Knekk egga oppi fordjupninga og ha i spinatpurèen. Bruk ein gaffel eller fingrane og rør rundt i midten av fordjupninga slik du blandar saman og får med deg mjølet på kantane. Fortsett slik til du har fått det som begynner å ligne på ei fast deig. Kna deretter saman til ei glatt, smidig og ganske fast deig. Dersom det klistrar kan du tilsette meir mjøl. Del deiga opp i fleire emner og kjør gjennom ei pastamaskin og lag tagliatelle etter anvisning på maskina. Eventuelt kan du kjevle ut deiga ut til ho er kun eit par millimeter tjukk og skjære ut strimlar med ein pizzakniv. Strø litt mjøl over den ferdige pastaen og la ligge til rett før servering.

sqb3hhrneqlsm4abx8jg_thumb_6435

Steik baconet gyldent og sprøtt og legg til sides. Sett på ein stor kjele med  lettsalta vatn til å koke pastaen i. Varm opp litt olivenolje i ei steikepanne med høge kantar. Ha i kvitløk og la den surre på middels varme i eit par minutt. Ha i kyllingfond og la det koke inn til mengda er redusert til ca. halvparten. Tilsett sitronsaft og sitronskal (her må du smake deg fram undervegs, det skal smake godt av sitron uten å vere alt for surt og bittert). Ha pastaen i kokevatnet og la koke i ca. 4 minutter. Skru ned varmen på steikepanna med kyllingkrafta og ha i kremost. Rør godt rundt og tilsett matfløte til du får ein passeleg konsistens. Ha i fersk persille og smak til med salt og peppar. Juster evt. med meir sitron om du ønskar. Hell av vatnet på den ferdige pastaen og bland saman sitronsaus, bacon og pasta. Server med eit dryss persille og litt parmesan.

m6ktryzs6qhezbnxndu4g_thumb_64ab

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*