[dropcap]E[/dropcap]in kjølig haust-eller vinterdag er det ekstra godt å varme seg på ei sterk og smakfull karrigryte med masse chili og krydder. Denne kyllinggryta har ein god saus av tomatar og kokosmjølk og inneheld store bitar av kyllingfilet, epler og krydder.
Gryta er svært enkel å lage og styrken på chilien justerer du sjølv etter eigen smak ved å tilsetje meir eller mindre. Kyllinggryta smakar godt saman med ris og salat eller eventuelt naanbrød om du likar det bedre. Sjølv er eg ekstra glad i naanbrød som ein kan dyppe i sausen og “gomle” i seg, men denne gongen blei det kokt villris som også er supert.
[recipe-foody]Ingrediensar til kyllinggryte for ca. 4-6 personar:
- 600 g kyllingfilet
- 1 gul løk
- 1 fedd kvitløk
- ½ stor raud chili (evt. mindre om du ikkje vil ha det så sterkt)
- 1 ts raud currypaste
- 400 g hermetiserte hakka tomatar
- 1 ss tomatpurè
- 1 ts gurkemeie
- 1 ts karrikrydder
- 1 ts brunsukker
- 400 ml kokosmjølk
- ½ dl kokosmasse
- 1 stort raudt eple, i terningar
- 1 stor vårløk, i ringar
- salt & peppar
Til servering:
- lime
- fersk persille, finhakka
- ris/naanbrød
[/recipe-foody]
Skjær kyllingfiletane i små strimlar. Steik dei i litt olivenolje på middels høg varme slik dei får ei gylden steikeskorpe. Legg til sides. Varm opp litt olivenolje i ein stor kjele eller gryte. Finhakk løk, kvitløk og chili. Ha det i gryta og la det surre på middels varme til løken blir mjuk og blank. Ha i currypaste, hakka tomatar, tomatpurè, gurkemeie og karrikrydder og la det småkoke litt i ca. 5-10 min. Tilsett brunsukker, kokosmjølk og kokosmasse og gi det eit oppkok. La det småputre litt i nokre minutt til det tjuknar litt. Ha i dei steikte kyllingbitane, epleterningar og vårløk og la det bli gjennomvarmt. Smak til med salt og peppar.
Server gryta med litt limesaft, fersk persille og ris eller brød og nyt!