Stjernerundstykker med valmuefrø

[dropcap]F[/dropcap]or å gjere gjærbaksten litt meir spennande kan det vere kjekt å prøve ein ny metode på den vanlege rundstykketrillinga. Denne gongen har eg valt å lage stjerner av rundstykka, både dekorativt og litt annleis. Deiga i seg sjølv er veldig enkel og uten fancy ingrediensar, men resultatet ligg i litt ekstra omtanke under eltinga.

[recipe-foody]For å lage ca 12 stjernerundstykker treng du ein porsjon brun brøddeig:

  • 300 g fullkornsmel
  • 200 g hvetemel
  • 10 g gjær (helst fersk)
  • 10 g salt
  • 350 g vatn
  • valmuefrø til pynt

[/recipe-foody]

Bland saman dei to meltypane og smuldre inn gjæren med fingrane til det blir smulete. Tilsett salt og vatn og bland godt. Tilsett evt meir vatn og mel om nødvendig.

Så startar moroa! Hell den klissete deiga ut på kjøkkenbenken og begynn å elte deiga med fingrane under som om dei var to gaflar, med tommelen over og strekk deiga oppover og kast den ned i kjøkkenbenken igjen. På dette punktet vil nok deiga sjå alt for klissete ut, men den vil komme seg. Fortsett å strekke og dra i deiga med baken av handa frå deg og tilbake igjen. Etter ei stund vil deiga samle seg og bli elastisk, og når den er glatt og føles mjuk og fast kan du forme den til ein ball ved å brette deiga under i fleire omgongar. Sett så deiga til heving i ca. 1 time i ein bolle og strø lett med mel over.

Når deiga er klar deler du den i 12 like deler ( ca. 70 g kvar) og trill dei ut til runde bollar, dekk med eit kjøkkenhåndkle og la kvile i 5 min.

Strø valmuefrøa utover på eit flatt fat og fyll ein liten bolle med vatn. Trykk bollane litt flate og dypp dei med toppen ned i vatnet og så rett over i valmuefrøa og press dei inn i deiga forsiktig. Legg dei på eit lett melete underlag og flat dei lett ut. Lag eit diagonalt kutt gjennom ein bolle ved å bruke ei lita kort og rett deigskrape eller lignande. Kuttet skal ikkje skal gå gjennom endane slik det deler bollen, men lage eit hull i midten som går rett igjennom og ned i underlaget. Lag så to diagonale kutt til i bollen slik at dei tre kutta lagar ei stjerneform. Trykk bollen forsiktig frå undersida med fingrane dine og snu den ut inn slik at spissane på stjerna peikar utover og sett på eit bakebrett. Gjenta med alle bollane og la dei etterheve i 45 minutter, eller til dei har dobla seg i størrelse.

Steik så rundstykka i steikeovn på ca. 220 grader i 10-12 minutter.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*