Suksessterte med pistasj

Ingen påskeferie uten den tradisjonelle suksessterta eller gulekake som den også blir kalla. Min versjon inneheld 50/50 med mandlar og pistasjnøtter som gir ein god og rund smak på kaka. På toppen har du selvfølgelig den gode eggekremen som smeltar på tunga!

Denne herlege kaka med god nøttebotn og ein fyldig gul krem av eggeplommer og smør har blitt fast innslag til påske. Kvifor nettopp denne kaka har blitt til påskekake er ikkje godt å seie, men det har kanskje noko med den påskegule fargen å gjere? Kaka er uansett likt av dei aller fleste og smakar nydeleg godt!

3XeR0fkzR2CZhGxLO5x1ng_thumb_6d0d

Ingrediensar til suksessterte:

Nøttebotn:

  • 75 g pistasjnøtter
  • 75 g mandlar
  • 4 eggekviter
  • 150 g melis

Gul krem:

  • 4 eggeplommer
  • 1 dl fløte
  • 100 g sukker
  • 1 ts ekte vaniljesukker
  • 125 g smør, kaldt & i terningar

Forvarm steikeomnen til 160 ºC og kle ei springform på 24 cm i diameter med bakepapir i botnen.

Mal pistasjnøtter og mandlar til mjøl ved hjelp av mandelkvern eller stavmiksar (det går heilt fint om ikkje alt er heilt finmalt). Pisk eggekvitene til dei begynner å skumme og tilsett melis litt og litt om gongen medan du piskar på høg hastigheit. Pisk heilt til du får ein stiv og glatt marengs. Ha i dei malte nøttene og vend forsiktig inn i marengsen slik du beheld lufta. Fordel marengsen utover den bakepapirkledde springforma i eit jamnt lag. Set midt i omnen og la steike i ca. 35-40 minutt, til overflata er gylden og sprø. Avkjøl i forma.

For å lage den gule kremen har du eggeplommer, fløte, sukker og vaniljesukker i ein kjele over lav varme. Rør rundt i blandinga heilt til den tjuknar og trekk kjelen frå varmen akkurat i det den begynner å koke slik at egga ikkje koagulerer. Avkjøl eit par minutt før du har i smørterningane og piskar godt saman til smøret har smelta inn i kremen. Avkjøl kremen heilt før du smører den i eit tynt lag over nøttebotnen. Dersom kremen er vanskeleg å smøre kan du ha den over i sprøytepose og sprøyte over kaka. Pynt kaka med ønska pynt og gjerne med sjokolade i ei eller anna form og nyt!

nnOBpoz5Shu3fCcoWao+fw_thumb_6d22

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*