[dropcap]F[/dropcap]ocaccia som er eit italiensk brød smaksatt med krydder og olivenolje har blitt ein fast del av koldtbord, tapas og som tilbehør til salatar og middagar også i Norge. Her får du oppskrifta på ein superenkel variant av det gode brødet.
Focaccia kan varierast i det uendelege med ulike krydder og smakstilsetningar både i deiga og på toppen. Her har eg brukt oliven, maldonsalt og rosmarin som er ein ganske standard variant. Du kan fint bytte ut med soltørka tomatar, heile cherrytomatar, parmesanflak, pinjekjerner eller kva du måtte ha lyst på. Brødet er det perfekte tilbehøret til salat og tapasbord saman med ein god aioli eller liknande. Focacciabrød er også supert å dele i to og fylle med godt pålegg som ein sandwich.
[recipe-foody]Ingrediensar til ei lita langpanne med focacciabrød:
- 3 dl lunka vatn
- 1 dl god olivenolje
- 1 ss akasiehonning
- 25 g fersk gjær
- 1 ts havsalt
- 50 g sikta/steinmalt speltmel
- 450 g hvetemel
- svarte oliven
- rosmarin
- olivenolje
- maldonsalt
[/recipe-foody]
Ha vatn, olivenolje, honning, salt og gjær i ein bakebolle til ei kjøkkenmaskin. Tilsett litt og litt av melet og bland godt saman. Elt deiga i maskin i ca. 5 minutter på lav fart. Deiga skal vere ganske laus. Smør inn ein bakebolle med litt olivenolje og legg deiga til heving med plastfolie over. La heve til dobbel størrelse, ca. 1- 1 ½ time.
Hell deiga over i ei bakepapirkledd lita langpanne og trykk deiga utover i eit jamnt lag utan å trykke ut all lufta. La etterheve i ca. 45 minutter under eit kjøkkenhandklede på ein lun plass.
Forvarm steikeovnen til 200 ºC. Del oliven i to og trykk dei godt ned i deiga. Ringle over godt med olivenolje og strø rosmarin og maldonsalt over toppen. Sett midt i den forvarma ovnen og la brødet steike i ca. 30 minutter, til brødet er sprøtt og gyldent på toppen. Avkjøl litt på rist og server lunka brød saman med for eks. aioli og salat.