[dropcap]K[/dropcap]jeks laga på surdeig blir sprø og smakfull snack som passar perfekt til ost og tilbehør. Desse er smaksette med ei blanding av urter og maldonsalt.
Stadig blir surdeig eksperimentert med på kjøkenbenken her og får nye bruksområde. Desse kjeksa var superenkle å lage og smakar godt til ostefatet eller som ein liten snack når ein blir fysen på noko godt. Smaken kan du bestemme sjølv ved å tilsetje den typen urter eller krydder du sjølv ønskjer. Oppskrifta rekk til to fulle steikebrett med små kjeks.
[recipe-foody]Ingrediensar:
- 130 g aktiv surdeig (gjerne etter denne oppskrifta, som er av Schakenda sitt opphav)
- 40 g vatn, romtemperert
- 75 g lettkokte havregryn
- 2 ss sesamfrø
- 2 ss olivenolje
- 2 ts honning
- 75 g kveitemjøl
- 1 ts maldonsalt
- 1 ss tørka urter (for eks. blanding av rosmarin, timian, basilikum)
- olivenolje, til pensling
- maldonsalt, til pynt
[/recipe-foody]
Bland saman surdeig, vatn og havregryn i ein bakebolle og dekk til med plastfolie. Lat stå i ca. 3-4 timar på kjøkenbenken. Då skal du kunne sjå små bobler i massen.
Etter timane på benken har du i sesamfrø, olje, honning, mjøl, salt og urter og blandar det godt saman til ei fast deig. Dekk bollen med plastfolie igjen og lat stå i ca. 1 times tid eller til du ser at deiga har esa litt opp.
Forvarm steikeomnen til 180 ºC varmluft. Strø kveitemjøl på benken og klapp flat deiga til ei rund skive. Kjevle deiga ut til ei leiv på ca. 3-4 mm tjukkelse. Bruk ein pizzakniv og rut opp små firkantar på ca. 5 cm x 5 cm storleik. Legg på bakepapirkledd steikebrett. Pensle kjeksa med litt olivenolje og strø på litt maldonsalt på toppen. Set midt i omnen og steik i ca. 7-10 minutt. Her må du sjå an kor fort dei tørkar ut og tek farge alt etter kor hardt omnen steiker.Ta ut brettet og snu kjeksa opp ned og steik like lenge på neste side. Dersom kjeksa framleis er litt fuktige kan du la brettet stå inne i omnen på ettervarmen med døra på gløtt. Avkjøl på rist. Oppbevar på tett kakeboks eller liknande. Dei held seg 1-2 vekers tid avhengig av oppbevaring.