Surdeig-knekkebrød

Det er få knekkebrød eg synest er så gode som dei laga med surdeig. Det vesle hintet av sur smak saman med den sprø konsistensen og frø eller anna godt på toppen er fantastisk. Mine blei ete nysteikte med ein klatt smør og litt ost, enkelt og vanvittig godt.

Denne oppskrifta fann eg på ein annan blogg (“Mel, vann og salt” av Vidar Bergum), og har endra den til å passe mitt ønske. Surdeiga eg brukar er ei blanding av sammalt rug og kveitemjøl, men her kan du nok bruke den du måtte ha tilgjengeleg sjølv og justere mjølmengda etter kor våt den er. Før du skal bake knekkebrøda er det uansett nødvendig å friske opp surdeiga ca. 1 døgn før baking. Når surdeiga boblar av aktivitet er det berre å setje i gang.

[recipe-foody]Ingrediensar:

  • 60 g aktiv surdeig
  • 240 g sammalt grov rug
  • 240 g sikta rug
  • 300 g vatn
  • 1/2 ts honning
  • 6 g salt

Topping:

  • Sesamfrø
  • valmuefrø
  • flaksalt

[/recipe-foody]

Bland saman alle ingrediensane i ein bolle til du har ei ganske fast, men klissete deig. Dekk bollen med plastfolie og lat stå på kjøkenbenken i ca. 10-12 timar.

Forvarm steikeomnen til 200 grader med steikebrettet/pizzastein i omnen. Del deiga opp i ca. 20 emne og trill dei til bollar. Strø mjøl på kjøkenbenken for å unngå at deiga klistrar seg fast under kjevling. Kjevle ut til tynne ovale/runde emne. Strø på ei blanding med sesamfrø, valmuefrø og flaksalt og kjevle det inn i deiga på dei siste kjevletaka før knekkebrøda er ca. 2-3 mm tjukke. Steik dei på det varme steikebrettet midt i omnen i ca. 10-12 minutt, eller til dei er gylne og sprø (følg med mot slutten av steiketida). Avkjøl på rist.

Ein kommentar

  1. Mari Lene

    Anne lene normann fra Bamble Kommune
    Eik Gård Roger Synne og en venn ut av synne

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*