Surdeigspizza

Pizzabotn av surdeig er det absolutt beste eg får når eg skal lage heimelaga italiensk pizza. Botnen blir sprø, luftig og får ein god smak.

I desse dagar har dei fleste av oss ekstra mykje av døgnet heime og gjerne då også betre tid. Då er det perfekt å starte prosessen med å dyrke surdeig eller berre friske opp den du kanskje allereie har ståande. Eg har friska opp att min eigen surdeig og brukt tida til å eksperimentere litt med ulike oppskrifter. Mi surdeig består av 50/50 med grov rug og fint kveitemjøl og er ypperleg base til dei fleste oppskrifter med surdeig. Eg mata surdeiga mi dagen før eg laga pizzadeiga, slik at den fekk boble opp og bli aktiv. Hugs berre på at sjølv om denne oppskrifta krev minimalt med arbeid må du ha ein aktiv surdeig klar og i tillegg setje pizzadeiga minst 2 døgn før bruk. Deiga kan også gjerne stå både eit tredje og fjerde døgn i kjøleskapet og brukast når det passar.

Ingrediensar til ca. 6 stk porsjonspizza:

  • 210 g aktiv surdeig
  • 450 g vatn (romtemperert)
  • 14 g havsalt
  • 600-650 g kveitemjøl (juster etter kor våt deiga er)

Bland saman vatn, surdeig og salt i ein bolle. Tilset mjølet litt etter litt og rør godt rundt til du får ei fast men klissete deig. Strø litt mjøl på benken og hell deiga ut. Kna saman deiga og tilset den mengda mjøl du treng for å få ein passe konsistens som ikkje klebar seg fast i benken, men samstundes ikkje blir alt for kompakt. Kna deiga i ca. 7 minutt for hand til du får ein glatt og elastisk ball. Legg deiga i ein bolle der det er plass til å heve til dobbel storleik og dekk med plastfolie. Set i kjøleskapet og lat stå ca. 2 døgn, eller til deiga er heva til dobbel storleik.

Dagen du skal lage pizza tek du ut deiga frå kjøleskapet ca. 1-2 timar før steiking.

Del deretter opp i passe store emne (eg fekk 6 stk porsjonspizza av deiga) og trill forsiktig til runde ballar og dekk med eit kjøkenhandklede og lat stå medan du varmar opp pizzastein/steikebrett i omnen på 250 grader (ca. 45 minutt).

Strø mjøl på benken og bruk fingrane til å trykke deiga utover i ein sirkel før du til slutt kjevlar den ut til ein passe tynn pizzabotn på ca. 4 mm. Ha på ønska fyll og steik på den glovarme pizzasteinen til pizzaen er gyllen og fin.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*