Surra lammesteik, ertepurè med mynte, hasselbackpoteter & rødvinssjy

[dropcap]L[/dropcap]ammesteik er den beste søndagsmiddagen eg veit om og gir gode minner frå barndommen. Dersom det er stekt på korrekt måte blir lam saftig og mørt kjøt som smeltar på tunga. Denne steika med eit urtelokk med sprø parmesanost, frisk ertepurè med mynte, rødvinsjysaus og hasselbackpoteter blei ein skikkeleg saftig og smakfull opplevelse.

Her har eg brukt ei ferdig surra lammesteik som eg fjerna nettingen på slik at ikkje det gode urtelokket skulle forsvinne frå steika ved servering. Dersom du ikkje har beinfri og surra steik kan du bruke det same urtelokket på eit heilstekt lammelår og justere mengda urter tilpassa til størrelsen på låret i staden for.

DSC_0384

[recipe-foody]Ingrediensar til lammesteik for ca 6 personar:

Lam:

  • ca. 1,6 kg surra lammesteik
  • 2 kvitløksfedd
  • ¾ dl olivenolje
  • 3 ss fersk persille, finhakka
  • 2 ss fersk rosmarin, finhakka
  • 1 ss fersk timian, finhakka
  • 2 ss sitronskal, rive
  • 2 ss sitronsaft
  • salt & peppar
  • reven parmesanost

Hasselbackpoteter:

  • 12-14 stk amandinepoteter
  • smør
  • griljermel
  • salt & peppar
  • fersk timian

Ertepurè med mynte:

  • 500 g grøne erter, frosne
  • 2 små sjalottløk
  • 3-4 ss fersk mynte, finhakka
  • nokre ss rømme
  • olivenolje
  • sitronsaft
  • salt

Rødvinssjy:

  • 7 ½ dl lammekraft
  • 1 ½ dl rødvin
  • 1 ½ ss soyasaus
  • 1 ½ ss balsamicoeddik
  • 2 ss maizena + 1 ss kaldt vatn
  • salt & peppar

[/recipe-foody]

Fjern nettingen på lammesteika. Bruk kjøkkenhyssing og surr rundt steika ein gong på kvar side slik at den held saman utan å ha netting rundt heile. Skjær kvitløksfedda i tynne skiver og lag små fordjupningar i lammekjøtet som du stikk kvitløksskivene nedi. Gni deretter steika inn med salt og peppar. Bland saman olivenolje,  persille, rosmarin, timian, sitronskal og sitronsaft i ei skål. Sett lammesteika i ei ildfast form og fordel urteblandinga på toppen av lammesteika. La kjøtet gjerne stå og marinere over natta i kjøleskapet eller eit par timar på kjøkkenbenken.

Forvarm steikeovnen til 220 ºC. For å lage hasselbackpoteter treng du heile kokefaste poteter. Om du vil kan du gjerne skrelle potetene, men det brukar eg sjølv å la sitte på. Skjær mange djupe skiver bortover i potetene utan at du skjærer heilt igjennom og delar dei, dei skal nemleg framleis halde saman som heile poteter. Legg potetene i ei ildfast form og krydre med salt og peppar og legg ein liten klatt smør på kvar potet. Strø deretter litt griljermel på toppen.

Sett eit steiketermometer på skrå inn i midten av steika. Riv parmesan fint på eit rivjern og strø eit godt lag på toppen av lammesteika og sett deretter midt i ovnen samtidig med potetene. La det stå i ca. 20 minutter. Skru deretter ned temperaturen til 175 ºC og la steika stå til den når ein kjernetemperatur på 62 ºC (dette gir lyst rosa og saftig kjøt). Dette tok litt over ein times tid hos meg.

Undervegs i steikinga kan du gjerne legge på litt meir smør på potetene slik dei ikkje blir for tørre. La kjøtet kvile under litt aluminiumsfolie etter steiking medan du lagar ferdig tilbehøret. Potetene kan du la stå i ovnen og steike vidare til du synest dei har fått passe gylden farge og er blitt sprø på toppen. Skru gjerne opp temperaturen litt igjen ved behov. Strø til slutt over litt fersk timian rett før dei er ferdige.

Ha lammekraft, rødvin, soyasaus og balsamicoeddik i ein kjele og kok opp. Tilsett deretter maizena blanda med vatn og la det tjukne litt. La sausen småkoke til væska er redusert til ca. halvparten. Smak deretter til sausen med litt salt og peppar.

Samtidig som sausen står og putrar kan du gjere klar ertepurèen. Skjær sjalottløk i tynne ringar og ha det i ein kjele med vatn. Kok opp vatnet og hell deretter dei frosne ertene i kjelen og la dei bli gjennomvarme, ca. 2 minutter. Hell av alt kokevatnet. Ha i fersk mynte, rømme og litt olivenolje og bruk ein stavmiksar til å kjøre blandinga til ein purè. Tilsett meir olivenolje og rømme etter eigen smak til du får ein passe laus konsistens. Smak til med sitronsaft, salt og eventuelt meir mynte.

Skjær lammekjøtet i skiver og server saman med ertepurè, hasselbackpoteter og rødvinssjy. Strø gjerne litt ekstra ferske urter på toppen.

DSC_0389

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*