Tacopai

DSC_0466
Taco i ny forkledning til helga? Då finn du oppskrift til ein herleg tacopai med speltbotn her!

Taco smakar stort sett alltid godt, men allikevel kan ein gå litt lei den vanlege tacoen i tortillalefser av og til. Då er det godt å variere med ein annan variant som fortsatt smakar av det gode tacokrydderet. Fyllet i denne paien blir nokså rennande, så det å få fine stykker vil nok vere ein prøvelse. Dagen derpå derimot (om du framleis har igjen restar) har fyllet stivna litt og smakane satt seg enda bedre spør du meg.

DSC_0494

Ingrediensar til tacopai for ca. 6-8 personar:

Paideig:

  • 2 ½ dl sammalt speltmel
  • 1 dl sikta speltmel
  • 1 dl hvetemel
  • 1 ts salt
  • 2 ts bakepulver
  • 1 ½ dl melk
  • 50 g smelta smør

Fyll:

  • 400 g kjøttdeig
  • 1 pk tacokrydder eller 1 ss heimelaga tacokrydder (oppskrift her)
  • 1 rødløk
  • 1 boks chilibønner
  • ½ boks tomat
  • 2 vårløk
  • 1 stor spisspaprika
  • ½ boks mais
  • 1 dl majones
  • 2 dl rømme (evt. crème fraÎche eller kesam)
  • salt & peppar
  • ca. 100 g reven ost

Tilbehør:

  • tortillachips
  • rømme
  • salat
  • guacamole (oppskrift her)

Forvarm steikeovnen til 200 ºC.

Bland saman alle ingrediensane til paibotnen og kna godt saman. Kjevle og trykk ut deiga i ein paiform på ca. 28 cm og prikk med ein gaffel. Ha bakepapir oppå deiga og fyll med tørre erter eller lignande og blindsteik i ca. 10 minutter. Ta så ut bakepapiret med ertene og steik botnen i 7-10 minutter til. Avkjøl botnen litt.

Samtidig som botnen står i ovnen kan du lage klart fyllet. Steik kjøttdeiga på høg varme så den får steikeskorpe og tilsett så tacokrydderet. Finhakk rødløken og ha den i kjøttdeiga og la det surre med i ca. 5 minutter. Hell deretter chilibønner og tomat over og la det småputre i eit par minutter til. Finhakk paprika og skjær vårløk i ringar. Ha det over i kjøttfyllet saman med mais, majones og rømme. Smak til med salt og peppar.

Hell fyllet over i den forsteikte paibotnen og fordel fint utover. Strø reven ost over og sett inn i ovnen og la steike i ca. 20-25 minutter, til osten er sprø og gylden på toppen.

DSC_0488

Server saman med salat, rømme, guacamole og tortillachips.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *