Stikkord: asiatisk

Thaifiskekaker

[dropcap]D[/dropcap]et er lite som slår ferske og saftige heimelaga fiskekaker ein kvardag der fisk skal på menyen. Er du derimot lei dei vanlege fiskekakene med kvit saus er desse eit eksotisk innslag. Fiskekaker med asiatisk preg er fin variasjon til den klassiske utgåva vi brukar. Fiskekakene er laga av torsk […]

Biffspyd med satay-saus

Grilla biffspyd med satay-saus er smakfull og lettvint mat som passar godt no som vi er lei av mektig julemat. Satay-sausen er laga på knasande peanøttsmør og kokosmjølk, og er perfekt for deg som er glad i nøtter og asiatiske smakar. Retten har sitt opphav i Indonesia og er populær […]

Laks & risnudler i kokosmjølk

[dropcap]A[/dropcap]siatisk-inspirerte fiskerettar er passande sommarmiddag der ein ønsker noko smakfullt og lett. I denne retten er dei steikte laksefiletane servert saman med risnudler, ferske grønsaker og aromatisk kraft med kokosmjølk.

Asiatisk biffgryte

[dropcap]A[/dropcap]siatisk mat med masse ulike krydder er noko av det aller beste eg kan få til middag. Fyldige sausar med masse kryddersmak som ein kan “tørke” opp med godt nanbrød er rett og slett ein stor favoritt. Biffgryta har det mest møre kjøt du kan tenkje deg og ein aromatisk […]

Sashimi med mango & soya-og sitrussaus

[dropcap]S[/dropcap]ashimi er ein super rett til helga dersom du vil ha noko friskt som går raskt å lage. Sashimi er ein sunn koserett som består av tynne skiver av rå laks og gjerne ein god soyadressing ved sidan av. Min sashimi er servert saman med tynne skiver av mango og […]

Laksetartar

[dropcap]L[/dropcap]aksetartar er ein super forrett eller eit lite måltid for deg som vil ha noko friskt og lett. Denne forfriskande retten byr på søt og frisk mango, rå laks og ein avokadokrem med chili og lime. I tillegg er den flott å servere som forrett dersom du vil imponere gjestane […]

Andesalat med mango & soyadressing

[dropcap]J[/dropcap]anuar månad er tida då dei fleste har lyst på lette og magre måltid etter ei lang førjulstid med kaker og mektig mat. Denne salaten med asiatiske krydder kombinert med det søte frå mango og granatepler og det salte frå soyadressing er eit friskt pust i den vanlege middagsmenyen.

Mango-& kyllingcurry

[dropcap]A[/dropcap]siatiske curryrettar med mykje god smak er noko av det beste eg veit som både kvardags-og helgemiddag. Denne currygryta med smak av søt mango, kylling, aromatiske krydder og ein lett ettersmak av chili er nydeleg god og svært enkel å lage.