Stikkord: bær

Sjokoladegranola

[dropcap]A[/dropcap]v og til er sjokoladetrangen så stor at det fristar til og med til frukosten. Denne heimelaga granolaen med sjokolade er kanskje ikkje den sunnaste, men litt luksus må ein vel kunne unne seg ein gong iblant, sjølv til frukost?

Brunostkake med bringebær

[dropcap]D[/dropcap]enne kaka har eg tenkt på at eg skulle lage i lang tid, og endeleg fekk eg summa meg til å prøve. I dag er det 1-årsdag for bloggen også, så då passa det perfekt med kake! Stekt ostekake med kremostfyll med brunost, ferske bringebær og ein kjeksbotn med kornmokjeks […]

Skogsbærsaft

[dropcap]N[/dropcap]okon saftperson skal eg ikkje lyge på meg å vere, men no og då fristar det veldig med eit glas kald og forfriskande drikke. Heimelaga skogsbærsaft med blåbær, bringebær og bjørnebær er friskt, søtt og smakfullt og inneheld mykje sunne vitaminar.

Earl Grey-vafler

[dropcap]D[/dropcap]esse søte vaflene med eit hint av Earl Grey-te toppa med ferske skiver av pærer og vaniljeyoghurt blei helgefrukosten her i huset i dag. For i helga er vel alt lov?

Bananpannekaker

[dropcap]P[/dropcap]annekaker laga på bananar er lettlaga, sunn og god frukost og passar like godt i kvardagen som til helg. Har du godt modne bananar og har lyst på noko godt til frukosten er desse eit godt valg.

Brunost panna cotta & multecoulis

[dropcap]P[/dropcap]anna cotta med smak av brunost og frisk multecoulis av sjølvplukka multer blei søndagsdessert i helga som akkurat var. Denne krema desserten er silkemjuk, smeltar på tunga og passar perfekt til alle brunostelskande søtmonsar!

Sjokoladeiskrem med krydra skogsbærkompott

[dropcap]B[/dropcap]ærtida er om ikkje så alt for lenge over og eg brukar den tida eg har til overs til å hauste inn både blåbær og anna. Dei blir både fryste ned heile til seinare anledningar og brukte til herlege rettar som her i ein krydra og smakfull bærkompott til helgedesserten.