Ein brødsnurr er perfekt tilbehør til supper eller spekemat eller berre som snacks dersom du har lyst på noko godt. Desse med parmesan og soltørka tomat smakar nydeleg saman med for eks. tomatsuppe eller som tilbehør til tapas-bord med spekemat og salat.
Merkelapp: brød
Eltefritt surdeigsbrød
Dette må vere det brødet eg har blitt mest fornøgd med nokon gong og har ein fantastisk smak og tekstur som du berre får ved å bruke surdeig. Brødet er enkelt å røre saman, har sprø og seig skorpe og ei saftig og luftig innside.
Surdeigs-hamburgerbrød
Ein god og smakfull burger krev også gode brød, og det aller beste hamburgerbrødet lagar du sjølv. Desse hamburgerbrøda som er laga med surdeig blir luftige, saftige og smakfulle.
Saftig langpanne-focaccia
Jakta på den perfekte focaccia har endeleg slutta med denne saftige langpanne-utgåva. Focaccia er stort sett alltid vellukka og smakfullt, men det er ikkje før no eg har blitt heilt fornøgd med resultatet.
Eltefritt brød
REKLAME/SPONSA INNLEGG
Den siste tida har det aller meste av brødbaksten eg har laga vore av den eltefrie typen. Då har brøda stort sett vore bakt i gryte og fått ein fin og rund fasong. Denne gongen ville eg ha eit «vanleg» brød og steikte det i vanleg brødform. Resultatet er saftig og godt brød som passar perfekt til kvardags.
Pita med lammeskav, kantarell & tyttebær
Dette er rett og slett ein nordisk variant av kebab, og er fylt med gode norske smakar som lam, purre, sopp og tyttebær. Dersom du er på jakt etter noko skikkeleg snadder til middagskosen er dette noko å prøve i helga.
Pestosnurrar med fenalår
Gjærbakst med godt fyll er noko av det beste eg veit og spesielt når det inkluderer spekemat. Desse snurrane med grøn pesto og tynne skiver fenalår er nydeleg gode og perfekt tur-eller nistemat.
Pitabrød
Pitabrød er det perfekte tilbehør til middags-rettar. Den hole lomma i brødet kan fyllast med ulike typar kjøt eller fisk, salat eller pålegg og passar fint både til lunsj og middag.
Eltefritt rugbrød
Rugbrød blir ofte meir saftige og har lenger haldbarheit enn andre brød. Dette enkle brødet lagar du enkelt og eltefritt.