Flatbrød med rosmarin & havsalt

otawwxa1tti9u6qj3m0lta_thumb_6644

Januar er godt i gong og jula er eit tilbakelagt kapittel. Dei fleste har nok blitt metta på mektig julemat og søtsaker og er klare for lettare måltid den komande tida. Framleis har mange spekematrestar i hus og det perfekte tilbehør til det er flatbrød. Dette flatbrødet har mykje smak av rosmarin og havsalt og er enkelt å lage.

Fortsett å les «Flatbrød med rosmarin & havsalt»

Bakst til julefrukost

pixlr-1

Då kan ein ønske god jul til alle og endeleg er skuldrane senka etter ei hektisk førjulstid og ein herleg julekveld med mykje god mat og fine folk rundt seg! Dei fleste har nok allereie hatt både ein, to og kanskje enda fleire gode julefrukostar saman, men enda er det mange dagar igjen å ta av. Då treng ein god bakst til å nyte alt det gode pålegget som høyrer jula til på. Her har eg samla ein del oppskrifter på rundstykker og brød som smakar nydeleg til lange og gode frukostar.

Fortsett å les «Bakst til julefrukost»

Potetlefser

vaqvxsfvq9w216s7e4nb1g_thumb_6553

Saftige og mjuke potetlefser er perfekte å bruke som tilbehør til spekemat, lutefisk eller til å fylle med ulike typar middagar. Her har heimelaga potetlomper og potetlefser også blitt brukt som lefse til tacoen med stor begeistring. Så har du lyst på god bakst til alle koldtbord og julemåltid i den komande tida og ellers i året så er dette verdt å ta seg tid til å lage.

Fortsett å les «Potetlefser»

Sandwich med persimon, brie & bacon

i9yxkqqst2adwoqbz4za_thumb_6475

Når ein ikkje verken har tid eller lyst til å lage eit stort måltid og må ha noko lite og enkelt å ete er ein varm sandwich perfekt. Denne består av pannestekte skiver med søt persimonfrukt, sprøstekte baconskiver og smelta brie. Enkelt og smakfullt lite måltid som tek kort tid å lage!

Fortsett å les «Sandwich med persimon, brie & bacon»