Stikkord: brød

Lyst brød

[dropcap]F[/dropcap]int brød med sprø skorpe og saftig innmat er nydeleg å servere med godt pålegg eller saman med gode middagsrettar der ein kan dyppe brødet i saus eller gode oljer. Denne oppskrifta gir to middels store brød som er perfekt til nettopp dette.

Glutenfrie pitabrød

[dropcap]P[/dropcap]itabrød er supert tilbehør til alle mulige slags rettar og er svært enkelt å lage. Desse blir store og mjuke og er eit supert alternativ dersom du har glutenallergi.

Gyros med greske kjøtbollar

[dropcap]G[/dropcap]yros er ein gresk rett der ein originalt brukar svinekjøt eller kyllingkjøt som er marinert og grilla på vertikale spyd. Andre stader kan det også bli brukt storfe eller lam. Kjøtet er servert i ein rull av pitabrød og saman med tzatziki, løk, og tomat. I min versjon har eg […]

Frøknekkebrød med bokkveite (glutenfrie)

[dropcap]K[/dropcap]nasande sprø knekkebrød med godt pålegg er skikkeleg godt til frukost, lunsj eller mellommåltid. Desse er laga av frø og mjøl av bokkveite og er derfor heilt glutenfrie. Smekk saman ei røre og fyll opp lageret til kvardagsmåltida du også!

Glutenfrie nanbrød

[dropcap]N[/dropcap]anbrød er ei sjølvfølgje for meg når eg skal ha indiske rettar til middag. Varme nanbrød med smør på dyppa i ein god og krydra saus med indiske smakar er nydeleg godt!

Eltefrie havrerundstykker

[dropcap]N[/dropcap]ysteikte og varme rundstykker med godt smør på er den perfekte start på ein ny dag. Med eltefrie rundstykker kan du enkelt få det utan mykje arbeid eller å bruke fleire timar på morgenkvisten. Desse inneheld havremjøl og havregryn som gir ein saftig og nøtteaktig smak.

Kylling- & focacciasandwich

[dropcap]E[/dropcap]in smakfull sandwich kan vere perfekt som ein ekstra god lunsj eller som ein enkel middag. Denne sandwichen med focacciabrød, saftig kyllingfilet, urtemajones og avokado er heilt topp når du vil kose deg litt ekstra med måltidet.

Flatbrød med rosmarin & havsalt

[dropcap]J[/dropcap]anuar er godt i gong og jula er eit tilbakelagt kapittel. Dei fleste har nok blitt metta på mektig julemat og søtsaker og er klare for lettare måltid den komande tida. Framleis har mange spekematrestar i hus og det perfekte tilbehør til det er flatbrød. Dette flatbrødet har mykje smak […]