[dropcap]D[/dropcap]enne jordbærdesserten lagar du på 1-2-3 og har raskt noko friskt og søtt å servere ein fin sommardag! Desserten har limemarinerte jordbær med mascarponekrem og søte og knasande amarettikjeks med god smak av mandel.
Stikkord: dessert
Kake- og desserttips til 17. mai
[dropcap]N[/dropcap]o er det kun få dagar igjen til 17. mai og med pinsestengde butikkar i dagane før så gjeld det å planlegge innkjøpa til det ein eventuelt skal bake eller lage til dagen.
Espressoiskake med nøttebotn
For deg som er glad i både iskrem og kake er ei iskake perfekt å servere som dessert på eit kvart festkakebord. Denne iskaka har ein god nøttebotn med tyggemotstand og ein iskrem med god smak av sterk kaffe. Det heile er toppa med eit lag med vaniljeiskrem og mokkabønner.
Lakrispavlova med pasjonsfruktcurd
[dropcap]P[/dropcap]avlova ser ut til å vere det verkeleg store i år og det florerer med oppskrifter både her og der. Det er slettes ikkje rart sidan det er enkelt å lage og kan varierast i det uendelege. No nærmar 17.mai-feiringa seg og veldig mange har tenkt å lage nettopp pavlova […]
Sjokoladefondant med lakris & jordbær
[dropcap]S[/dropcap]jokoladefondant er både ein av dei enklaste og mest vanskelige dessertane du kan lage. Sjølve oppskrifta er enkel og rask å lage, men det å få ein perfekt stekt sjokoladefondant kan vere utfordrande. Denne sjokoladefondanten har god smak av sjokolade og ein lakrissmak som gir ein god ettersmak saman med […]
Vaniljeiskrem på 1-2-3
Denne iskremen er luftig og smakar godt av vanilje. Og det aller beste? Du treng kun tre ingrediensar og 5 minutter før den går i frysaren. Iskrem er ein fantastisk dessert som passar når som helst og fell i smak hos alle. Denne iskremen får ein luftig og mjuk konsistens […]
Amarettikjeks
[dropcap]A[/dropcap]maretti er italienske makronkjeks som er laga av eggekviter, sukker og mandelmjøl. Opprinneleg skal dei innehalde Amaretto som er ein italiensk mandellikør, men sidan eg ikkje hadde det brukte eg mandelessens. Kjeksa ser kanskje ikkje så spennande ut, men smaken er nydeleg. Sprø og knasande tekstur med god smak av […]
Kefirpudding med kjekssmular & multesaus
[dropcap]D[/dropcap]enne desserten smakar akkurat slik den høyrest ut som og er den perfekte dessert til ein typisk norsk middagsmeny. Puddingen er krema og mjuk og smakar syrleg og søtt av kefir og vanilje. Den syrlege smaken passar perfekt saman med kjekssmulane i botnen og den karakteristiske smaken frå dei søte […]
Pavlova med mascarponekrem, salt karamellsaus & friske bær
Tida for konfirmasjonar og 17. mai-feiring nærmar seg og det betyr også tid for masse festkaker og dessertar. Her har eg laga ein pavlova med fyldig mascarponekrem og herleg karamellsaus og toppa det heile med masse ferske bær.
Rømmeiskrem med multer
[dropcap]R[/dropcap]ømme og multe er typisk norske gode smakar og saman utfyller smakane kvarandre fint. Rømmeiskremen er syrleg og frisk og multene gir ein søt og aromatisk smak som harmonerer fint med det friske.