Den klassiske Caesar-salaten er så god at ein sjeldan går lei. Salat, sprø kvitløkskrutongar, parmesan, og dressing saman med sprøsteikt bacon og saftig kylling kan ikkje slå feil.
Merkelapp: dressing
Gyros med greske kjøtbollar
Gyros er ein gresk rett der ein originalt brukar svinekjøt eller kyllingkjøt som er marinert og grilla på vertikale spyd. Andre stader kan det også bli brukt storfe eller lam. Kjøtet er servert i ein rull av pitabrød og saman med tzatziki, løk, og tomat. I min versjon har eg laga greskkrydra kjøtbollar som eg har servert i store og mjuke pitabrød.
Andesalat med mango & soyadressing
Januar månad er tida då dei fleste har lyst på lette og magre måltid etter ei lang førjulstid med kaker og mektig mat. Denne salaten med asiatiske krydder kombinert med det søte frå mango og granatepler og det salte frå soyadressing er eit friskt pust i den vanlege middagsmenyen.
Hjorteburger med tyttebærdressing & kantarell
Det er lite som slår det å sette tenna i ein god og saftig heimelaga burger når helgemiddagen skal inntakast med god samvittigheit. Denne burgeren er vel det eg vil kalle den ultimate haustburger, då den inneheld karbonader av hjortekjøt, tyttebærdressing og smørstekte kantarellar med timian.
Fortsett å les «Hjorteburger med tyttebærdressing & kantarell»
Kylling med granatepleris & raita
Denne middagsretten smakar både forfriskande og godt av krydder med indisk preg. Kyllingen er krydra med mellom anna gurkemeie, spisskummen og honning og er servert saman med jasminris med friske granateplekjerner og ein herleg indisk yoghurtdressing (raita) med mynte.
Lakseburger med coleslawdressing
Lakseburger er ein spennande og smakfull måte å få både store og små til å spise meir fisk i kvardagen. Denne varianten er asiatiskinspirert og har mykje god smak.
Julekrydra kjøttbollar & rømmedressing
Desember nærmar seg med stormskritt og det er på tide å finne fram alle oppskrifter med julesmakar og krydder igjen. I dag falt valget på svinekjøttbollar med smak av julekrydder som nellik, allehånde og stjerneanis.
Røstipotetkake med epledressing & røykalaks
Herleg og smakfull rett med røstikake laga av poteter og sellerirot, epledressing og ei god skive røykalaks på toppen. Retten passar som ein liten middag, lunsj eller forrett alt etter kor store du lagar røstipotetkakene.
Fortsett å les «Røstipotetkake med epledressing & røykalaks»
Pastasalat med balsamicodressing
Pastasalat er ypperlig middag eller lunsjmåltid som går raskt og lage i ein hektisk kvardag. Salaten er like god dagen derpå og er ypperleg å ta med som lunsj.