Brokkolisalat er ein spennande salat som passar like godt som hovudmåltid som tilbehør til kjøt-eller fiskerettar. Salaten har mellom anna sprø brokkoli, friske granateplekjerner, sprøsteikt spekeskinke og ein krema dressing med crème fraiche.
Merkelapp: frukt
Mangosorbet
Mangolassi
Lassi er ein indisk yoghurt-basert drikk som blir servert som forfriskning i varmen. Lassi er også vanleg å servere saman med eit måltid og kan lagast både i søt og salt versjon. Mangolassi er som ein smoothie og smakar søtt og friskt.
Bananvafler
Atter ein gong låg det godt overmodne bananar med brunflekkete skal i fruktskåla og eg måtte prøve å bruke dei til noko godt. I morgon er det den store vaffeldagen, og då vart det utgangspunktet for ei ny oppskrift. Bananvafler er saftige, mjuke og smakar nydeleg med kesam og fersk eksotisk frukt.
Laks med mangosaus
Enkle og smakfulle rettar for vanlege kvardagar bør gå raskt og vere sunt og godt. Laks og mango er nydelege smakskombinasjonar og i denne retten kjem dei smakane godt fram. Her snakkar vi pannesteikt laks med paprika og mangosaus med asiatiske smakar.
Glutenfrie bananmuffins
Overmodne bananar er det perfekte utgangspunkt for søt bakst med saftig konsistens. Desse muffinsane smakar godt av banan og inneheld både blåbær og sjokoladebitar og er i tillegg glutenfrie.
Panna cotta med blodappelsin-og pasjonsfruktsaus
Denne desserten er den perfekte kombinasjon av søtt, syrleg og bittert. Den søte panna cottaen med vanilje smakar friskt saman med lett bitter smak frå appelsin og pasjonsfrukt og gjer at du får ein balansert dessert.
Fortsett å les «Panna cotta med blodappelsin-og pasjonsfruktsaus»
Sashimi med mango & soya-og sitrussaus
Sashimi er ein super rett til helga dersom du vil ha noko friskt som går raskt å lage. Sashimi er ein sunn koserett som består av tynne skiver av rå laks og gjerne ein god soyadressing ved sidan av. Min sashimi er servert saman med tynne skiver av mango og ein soyasaus med masse smak av sitrus.
Laksetartar
Laksetartar er ein super forrett eller eit lite måltid for deg som vil ha noko friskt og lett. Denne forfriskande retten byr på søt og frisk mango, rå laks og ein avokadokrem med chili og lime. I tillegg er den flott å servere som forrett dersom du vil imponere gjestane litt!