Fredagspizzaen for deg som er glad i kombinasjonen av søt frukt, smakfull og skarp ost og salt spekeskinke. Denne kvite pizzaen vil du ikkje gå glipp av!
Merkelapp: frukt
Salat med grilla nektarin, spekeskinke, blåmuggost & basilikum-vinaigrette
Kombinasjonen av søt frukt saman med ost og salat er nydeleg. Dei grilla nektarinane gir ein søt, mild og sommarleg smak til den ellers litt salte og skarpe smaken frå blåmuggost og spekeskinke.
Fortsett å les «Salat med grilla nektarin, spekeskinke, blåmuggost & basilikum-vinaigrette»
Kvit pizza med eple, spekeskinke & smørstekt fennikel
Pizza med tynn botn og italiensk preg er og forblir ein av mine favorittar når det kjem til kosemat. Denne varianten har kvit saus som er det eg likar best og er toppa med masse gode råvarer. Spekeskinke, eple, fennikel og sjalottløk er blant ingrediensane og gjer denne pizzaen til noko nydeleg godt.
Fortsett å les «Kvit pizza med eple, spekeskinke & smørstekt fennikel»
Mazarinterte med rabarbra
Mazarinterte er ei kake med botn av mørdeig og eit fyll av mandelmasse. Mazarin kjenner du kanskje best igjen frå barndommen i små porsjonsformer av metall med eit lag med kvit glasur på toppen. Denne varianten er laga som ei stor terte og har litt rabarbra i seg som gir ein frisk og syrleg smak til det søte mandelfyllet.
Lakrispavlova med pasjonsfruktcurd
Pavlova ser ut til å vere det verkeleg store i år og det florerer med oppskrifter både her og der. Det er slettes ikkje rart sidan det er enkelt å lage og kan varierast i det uendelege. No nærmar 17.mai-feiringa seg og veldig mange har tenkt å lage nettopp pavlova til den store dagen. Denne varianten har god smak av lakris og er toppa med syrleg pasjonsfruktcurd og krem. Pavlovaen kan du lage enten som ei heil stor kake eller små porsjonspavlova som ein dessert.
Spekeskinkesurra kyllingbryst fylt med brie, eple & basilikum
Dersom du er glad i friske kyllingrettar og i tillegg er glad i gode ostar er dette ein sjølvskreven rett for deg. Kyllingbrystet er fylt med god brie, epleskiver, fersk basilikum og deretter surra inn i spekeskinke og får ein saftig og smakfull aroma. Ved sidan av har du ein nydeleg eplekraftsjy som gir ein lett søt og frisk smak til både kylling og ris.
Fortsett å les «Spekeskinkesurra kyllingbryst fylt med brie, eple & basilikum»
Kvit sjokolade-panna cotta & kiwipurè
Denne panna cottaen har søt smak av kvit sjokolade og er servert saman med ein utruleg frisk og syrleg kiwipurè som balanserer det heile. Desserten er både søt, fløyelsmjuk og frisk på smak og farge, og er sjølve biletet på vårfølelse i etande utgåve.
Focaccia med brie, fiken & rosmarin
Denne gongen har det italienske brødet som vi alle er så glad i fått besøk av fransk brie, tørka fiken og fersk rosmarin. Enten du vil nyte dette med smør og litt salat ved sidan av eller bruke det som sandwich med god spekemat inni, så er smaken av dette brødet nydeleg.
Kald byggrynsgraut-frukost
Dersom du lagar byggrynsgraut og sitt igjen med restar i kjøleskapet kan du fint bruke dette til å lage ein kald frukostgraut. Her har eg blanda byggrynsgraut med kefir og honning og får ein super og mettande frukost.