Stikkord: gjærbakst

Solskinsbolle

[dropcap]S[/dropcap]olskinsbollar er kanelsnurrar som har ei “sol” av gul eggekrem i midten og smakar nydeleg godt enten det er sol eller ei. Bollane er baka med speltmjøl og blir luftige og gode.

Olivenbrød med sitron & rosmarin

[dropcap]P[/dropcap]å denne tida av året synest eg det er nydeleg godt med gode heimebaka brød med gode urter og smakar som minner om Middelhavsområdet. Dette brødet er fylt opp med greske kalamataoliven, sitronskal og fersk rosmarin som definitivt er smak av sol og varme.

Lyst brød

[dropcap]F[/dropcap]int brød med sprø skorpe og saftig innmat er nydeleg å servere med godt pålegg eller saman med gode middagsrettar der ein kan dyppe brødet i saus eller gode oljer. Denne oppskrifta gir to middels store brød som er perfekt til nettopp dette.

Påskemat

[dropcap]P[/dropcap]åske er tid for familiehygge, hyttekos og gode måltid med dei ein har rundt seg. For dei aller fleste inneheld påska både lammekjøt, suksessterte, egge-rettar, god gjærbakst og masse søtsaker. Her er det samla saman eit lite knippe med gode oppskrifter på rettar som passar perfekt til påskekosen.

Hot cross buns

[dropcap]H[/dropcap]ot cross buns er søte og krydra kveitebollar som ein et i påska spesielt i Storbritannia. Bollane er originalt krydra med kanel, kardemomme, muskat, ingefær og allehånde og inneheld oftast rosiner eller tørka frukt. Det finst derimot mange versjonar av bollen med ulike krydder og andre ingrediensar. Min versjon inneheld […]

Glutenfrie nanbrød

[dropcap]N[/dropcap]anbrød er ei sjølvfølgje for meg når eg skal ha indiske rettar til middag. Varme nanbrød med smør på dyppa i ein god og krydra saus med indiske smakar er nydeleg godt!

Glutenfrie pizzabollar

[dropcap]N[/dropcap]år ein treng turmat eller kosemat til kvelden i helga er pizzabollar eit perfekt val. Desse er glutenfrie slik at dei som har glutenallergi eller intoleranser også kan nyte heimelaga pizzabakst.

Eltefrie havrerundstykker

[dropcap]N[/dropcap]ysteikte og varme rundstykker med godt smør på er den perfekte start på ein ny dag. Med eltefrie rundstykker kan du enkelt få det utan mykje arbeid eller å bruke fleire timar på morgenkvisten. Desse inneheld havremjøl og havregryn som gir ein saftig og nøtteaktig smak.

Kanelsnurrar av spelt

[dropcap]N[/dropcap]o i helga er det fastelavn og då er søt gjærbakst og bollar garantert noko dei fleste har planar om å bake. Ikkje alle er like glade i bollar med krem og nettopp då er kanelsnurrar eit perfekt alternativ. Desse er baka med spelt og resultatet blei store og smakfulle […]