Terte med aubergine, squash & gulrot

DSC_0001

Denne grønsaksterta er full av smak og gode råvarer og er fin til både lunsj og middag. Som regel inneheld middagsmåltida her enten kjøt eller fisk i ei eller anna form, men det å bytte ut dette med vegetarrettar innimellom er berre sunt. Spesielt når det kan smake så godt som dette. Terta har ein sprø tertebotn som flakar seg perfekt når du sett gaffelen i den, eit kremostfyll med mykje urter og smak og strimlar med grønsaker på toppen.

Fortsett å les «Terte med aubergine, squash & gulrot»

Surra lammesteik, ertepurè med mynte, hasselbackpoteter & rødvinssjy

DSC_0374

Lammesteik er den beste søndagsmiddagen eg veit om og gir gode minner frå barndommen. Dersom det er stekt på korrekt måte blir lam saftig og mørt kjøt som smeltar på tunga. Denne steika med eit urtelokk med sprø parmesanost, frisk ertepurè med mynte, rødvinsjysaus og hasselbackpoteter blei ein skikkeleg saftig og smakfull opplevelse.

Fortsett å les «Surra lammesteik, ertepurè med mynte, hasselbackpoteter & rødvinssjy»

Focaccia-sandwich med ovnsbakte tomatar

DSC_0310

Lite slår eit godt stykke brød saman med godt pålegg og tilbehør. Denne sandwichen med heimelaga focacciabrød, ovnsbakte småtomatar, avokadomos, serranoskinke og mozzarellaost utgjer ein solid lunsj eller enkel middag til dagar der ein ikkje orkar for mykje kokkelering med gryter og panner.

Fortsett å les «Focaccia-sandwich med ovnsbakte tomatar»