Lasagne er den perfekte kosemat som passar like godt til kvardag som til helg. Når du høyrer ordet pølse-lasagne verkar det kanskje ikkje så forlokkende, men eg kan love deg at dette blei rett smakfullt! Smaksrike pølser av god kvalitet, kvit saus av ricotta og spinat og eit lok av smelta og sprø ost på toppen utgjer eit fantastisk godt måltid med ein grøn salat med syrlig vinaigrette ved sidan av.
Merkelapp: italiensk
Snurrar med raud pesto, spekeskinke & cheddar
Gjærbakst med pesto og fyll slår aldri feil, og det gjorde heller ikkje desse luftige og gode snurrane. Perfekte som turmat eller tilbehør til salat eller tapasbordet.
Fortsett å les «Snurrar med raud pesto, spekeskinke & cheddar»
Risotto med kylling, sopp & squash
Ein god risotto er lettvint og varmande mat det går raskt å lage. Denne er servert med kylling med eit hint av sitrus, squash og sopp.
Fikenpizza med camembert, spekeskinke & karamellisert løk
Når ein er så glad i italiensk pizza som eg er, så må ein stadig eksperimentere med nye smakar og fyll. Denne gongen blei det ein svært «vaksen» pizza med ferske fiken, camembert, spekeskinke og karamellisert løk. Om det blei godt? Ja, gjett om!
Fortsett å les «Fikenpizza med camembert, spekeskinke & karamellisert løk»
Gnocchi med kantarell
Gnocchi har blitt ein ny favoritt i heimen i det siste og erstattar ofte den vanlege pastaen. Den mjuke konsistensen og smaken poteta gir i ei pasta-deig må du berre prøve!
Sitron-risotto med purre & spekeskinke
Risotto er ein svært enkel og svært allsidig rett å lage. Her kan ein variere smak og tilbehør i det uendelege etter både eigen smak og kva ein har i kjøleskapet. Denne smakar lett av sitron og har fått sprøsteikt spekeskinke som tilbehør.
Kvit lasagne med kylling, sopp & spinat
Kvit lasagne er utan tomatsaus og har i staden ein fyldig og krema konsistens av krema kvit saus med fløte og ost. Saman med den kvite sausen er det smakar som kylling, spekeskinke, spinat og kantarell som gir ei herleg smaksrik oppleving.
Ravioli med spinatfyll & sitronsmørsaus
REKLAME
Ravioli er pasta der ein har eit valfritt fyll som er lagt i mellom to plater med tynn pastadeig og servert med enten saus eller kraft. Allereie på 1500-talet var ravioli godt kjent i Roma og er stadig ein svært populær italiensk rett.
Pasta Carbonara med spekepølse
SPONSA INNLEGG / REKLAME
Pasta alla Carbonara er ein italiensk pastarett som dei aller fleste har kjennskap til. Originalt er den oftast laga med spagetti, men kan også lagast med andre typar pasta. Sjølv om retten har mange ulike oppskrifter og metoder inneheld den alltid egg, pasta og parmesan.