[dropcap]O[/dropcap]stekaker kan lagast i mange variantar og smakar, men ein ting som alltid funkar bra er kombinasjonen av sitron og ost. Denne kaka er laga med god kjeksbotn, eit lag med sitronostefyll og karamellisert crème brûléelokk på toppen.
Stikkord: kake
Brownies med lakris
[dropcap]S[/dropcap]jokolade og lakris er to ingrediensar som passar supert saman og gir ein nydelig smakskombinasjon. Her er dei to smakane forent i ein herleg klissete brownies som inneheld både rålakrispulver og bitar av lakris.
Blondies med karamell, pekannøtter & havsalt
[dropcap]B[/dropcap]londies er den lyse utgåva av brownieskaka og smakar litt som cookiesdeig eller seige kjeks. Her har den fått selskap av karamellsaus, pekannøtter og havsalt.
Salt karamellostekake
[dropcap]K[/dropcap]aramell, kremost, vanilje og sprø kjeksbotn med hint av sjokolade. Gode smakar som er garantert suksess samla i ei fløyelsmjuk stekt ostekake.
Pistasjkake
[dropcap]P[/dropcap]istasjnøtter er ein av mine store favorittar når det kjem til både snacks, iskremsmak og som tilsetning i diverse dessertar og bakverk. Her får du pistasjnøtt i form av ei festkake!
Krydderkake med sjokoladeostekrem & blåbær
[dropcap]S[/dropcap]aftig og krydra sjokoladekake med sjokoladekremostglasur og norske skogsblåbær på toppen vekker gamle minner frå barndommens krydderkaker.
Marmorert brownieostekake med bringebær
[dropcap]S[/dropcap]jokolade, ost og bær i fin harmoni. Browniekake har eg hatt som favorittkake i mange år, men gått litt lei no dei siste åra. Den nye favoritten er for tida ostekake, men sidan sjokoladeavhengigheita er like stor måtte dei to smakane berre slåast saman i ei kake med friske bær.
Verdens beste ostekake
[dropcap]M[/dropcap]eget ambisiøst å promotere ei ostekake som verdens beste i det havet av ostekaker som finnest tenker du kanskje? Denne kaka er faktisk utrulig god og får ikkje stå lenge i mitt kjøleskap før den er fortært iallefall. God kjeksbotn, silkemjukt ostefyll og ein nydeleg frisk rømmetopping med pasjonsfrukt.
Tiramisu ostekake
[dropcap]F[/dropcap]yldig og mektig oste-og sjokoladekake med smak av tiramisu er perfekt for kaffeelskaren. Kaka er som eit konfektstykke og er perfekt til kaffekoppen.
Sjokoladeterte med valnøtter & kaffesmak
[dropcap]N[/dropcap]år du har lyst på ei kake, sjokolade og nøtter, men ikkje den vanlege sjokoladekaka eller noko som er alt for søtt. Då lagar du ei terte!