Nyttårsdesserten

pixlr-2

No er det ikkje mange dagane att av året og det er på høg tid å planlegge menyen for nyttårsaftan. For veldig mange er det kalkunen som står på bordet til middagen, medan desserten kanskje varierer litt meir frå heim til heim. Her er iallefall nokre gode forslag til dessert og kaker som er ei flott nyttårsfeiring verdig.

Fortsett å les «Nyttårsdesserten»

Kvepsebol

elwsmvnytdy5nierst5aa_thumb_64fb

Kakebokser som skal fyllast til jul betyr ein heil del eksperimentering og smaking på diverse søtsaker. Med nokre eggekviter til overs og ein forkjærleik for lakris, sjokolade og nøtter så blei desse marengskjeksa til. Kvepsebol som dei så fint heiter er små kjeks av marengs som er fylte med bitar av sjokolade og nøtter. Desse har eg smakssatt med lakris og dei inneheld bitar av mørk sjokolade og hasselnøtter.

Fortsett å les «Kvepsebol»

Pepperkake-krydderblanding

DSC_0562

Ein av dei få småkakene til jul eg absolutt ikkje klarer meg utan kvart år er pepperkaker. Eg er generelt glad i krydder og kan det kombinerast med søtsaker så blir det enda bedre. Pepperkakene er nok dei småkakene som dei aller fleste tenker på når det kjem til julebakst. Det høyrer liksom med og blir ikkje heilt jul utan!

Fortsett å les «Pepperkake-krydderblanding»