Stikkord: kjeks

Havrecookies med eit dryss havsalt

Av og til får eg akutt lyst på nysteikte, seige og søte cookies og må berre gi etter for lysta. Ekstra godt synest eg det er om eg får med havregryn som gir den nøttete smaken og litt konsistens til kjeksa. Dei har sprø overflate og kantar, medan dei framleis […]

Havrekjeks

Knasande kjeks med havre er kjekt å ha på lur når blodsukkeret stuper eller ein vil ha ein lettvint snack å kose seg med. Aller best smakar dei med ei god skive ost og syltetøy på, spør du meg.

Glutenfrie seige sjokoladecookies

[dropcap]S[/dropcap]eige amerikanske cookies med mjuk kjerne, sprø kantar og sjokoladebitar er noko av det beste eg kan få av småkaker. Eg har lenge hatt lyst å få til ein glutenfri variant av desse og etter eit par forsøk fekk kjeksa akkurat den seige konsistensen eg ønska.

Ostekakeglas med kjeks & bringebær

Lettvinte dessertar med friske smakar er supert når søtsuget melder sin ankomst og ein ikkje har tid eller lyst til å stå og kokkelere i evigheiter. Denne ostekaka er laga på kort tid og treng ikkje verken steiking eller mykje utstyr. I botnen har du eit lag med knuste sjokoladekjeks […]

Pepperkakebiscotti

[dropcap]N[/dropcap]o når det er juletid får eg liksom ikkje heilt nok av alle julekrydder og spesielt då smaken av peparkaker. Biscotti er sprø italienske kjeks som smakar godt å dyppe i kaffèen eller til å nytast slik dei er. Denne  utgåva har fått smaken av gode peparkakekrydder og inneheld også […]

Kvepsebol

[dropcap]K[/dropcap]akebokser som skal fyllast til jul betyr ein heil del eksperimentering og smaking på diverse søtsaker. Med nokre eggekviter til overs og ein forkjærleik for lakris, sjokolade og nøtter så blei desse marengskjeksa til. Kvepsebol som dei så fint heiter er små kjeks av marengs som er fylte med bitar […]

Seige emmerkjeks med sjokolade

[dropcap]E[/dropcap]mmer er eit urgammalt kornslag og er også ein av forfedrene til spelt. Emmer er rikt på fiber og gir ein relativt mørk farge og meir intens smak enn vanleg kveite. Desse kjeksa får ein litt grov utsjånad utan at det “smakar sunt”og er etter mi meining heilt nydelege. Kjeksa […]

Enkel vaniljeiskrem & affogato

[dropcap]O[/dropcap]ppskrifter på forskjellige typar iskrem og enkle dessertar kan ein aldri få nok av og på denne tida av året passar dette i tillegg perfekt. Herleg krema og enkel vaniljeiskrem er utgangspunkt for mange gode dessertar og kan nytast når som helst! Kombinasjonen du får i denne desserten med varm […]

Amarettikjeks

[dropcap]A[/dropcap]maretti er italienske makronkjeks som er laga av eggekviter, sukker og mandelmjøl. Opprinneleg skal dei innehalde Amaretto som er ein italiensk mandellikør, men sidan eg ikkje hadde det brukte eg mandelessens. Kjeksa ser kanskje ikkje så spennande ut, men smaken er nydeleg. Sprø og knasande tekstur med god smak av […]